Sotra-brannen: – Har bra kontroll

Brannvesenet er fredag kveld oppe med varmesøkande drone i brannområdet på Sotra. Det har i dag ikkje vore oppblussingar i terrenget. Regnet som har kome er ikkje nok til å kjøla varmen i jorda. –Me sjekkar område som er spesielt varme for å ha oversikt. Det er fuktig jord, men det er så mykje varme i bakken at det fordampar fort. For å seia det sånn, me håpar på ei god rotbløyte, seier vaktkommandør Tore Fanebust. Gjennom helga er det venta mindre nedbørsmengder, før det måndag er varsla 27 mm regn på Ågotnes.

Brannområdet sett mot Valderhaug og Ågotnes torg
Foto: Øygarden brann og redning