Hopp til innhold

Søskenpar kantra - avviste hjelp

Ein bror og ei syster i 20-åra hamna i Sognefjorden etter at dei kantra med fritidsbåten vest for Vangsnes.

Katamaranen som var i havsnaud
Foto: Kjell Brekke

Politiet kalla ut både redningshelikopter og båt. Men søskenparet som sat i våtdrakter på kjølen avviste blankt hjelpa frå ekspressbåten "Fjordprins".

 

Båthavari ved Vangsnes.
Foto: Lars Jonas Pedersen

Redningshelikopteret vart då tilbakekalla.

Operasjonsleiar i Sogn og Fjordane Politidistrikt, Einar Vereide, seier at den same katamaranen var ute for eit liknande havari for to år sidan.

Båten vart slept til Vik, der søskenparet er heimehøyrande.

Dei to har fått ordre av politiet om å møte opp på lensmannskontoret i Vik tysdag morgon, for å forklare seg.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 20.09 måndag kveld.