Sønstabø blir ny direktør i Skyss

Målfrid Vik Sønstabø blir ny direktør i Skyss. Ho har vore konstituert i stillinga dei siste månadene, og har jobba i Skyss i ti år. – Sønstabø har eit godt utgangspunkt og klare tankar om korleis vi skal få til ei organisasjonsutvikling, seier fylkesdirektør for samferdsel i Hordaland fylkeskommune, Håkon Rasmussen.

Målfrid Vik Sønstabø
Foto: PRESSEBILDE / SKYSS