Song bøn for føden i Nordfjord

Syngande nordfjordingar bad for føden ved Nordfjord sjukehus.

Anne-Grethe Strøm-Erichsen
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen vart møtt av ei omskriven julesalme då ho var på Nordfjordeid i dag.

– Eit barn er fødd på Nordfjordeid, på Nordfjordeid - og fødselen skjedde i ein fei - la føden stå, la føden stå, song dei for ho.

Sa det same i dag

I dag har helseministeren blitt vist rundt på Nordfjord psykiatrisenter og Nordfjord sjukehus og ho har hatt møte med dei tilsette. Ho vart godt motteken og det var ei spent stemning under møtet.

Helseministeren sa at ho vil vil ha medisinsk akuttfunksjon og sengepost på Nordfjordeid. Når det gjeld fødetilbodet sa ho det same som på folkemøtet i Årdal i går , at det pågår eit nasjonalt arbeid som skal avgjere strukturen på fødetilbodet i landet.

Forskjellige reaksjonar

Reporter Asgeir Reksnes seier at reaksjonane etter møtet er forskjellige alt etter kven ein snakkar med.

– Anni Felde som er det einaste styremedlemet som var tilstades, seier at strategiarbeidet vil halde fram og at det berre er snakk om mindre justeringar i forhold til det som er lagt fram om å omgjere lokalsjukehusa til lokalmedisinske senter.

Ho meiner at det statsråden seier berre er ein naturleg konsekvens at samhandlingsreformen er forsinka.

– Ho ser ikkje noko nytt i sak, og vil ikkje vere med på at sjukehusforkjemparane har vunne nokon siger, seier han.

– Må ha lukka øyrene

Men ordførarane i regionen er ikkje samde. Dei meiner Helse Førde må ha lukka øyrene totalt dersom dei ikkje forstår at det skal vere eit skikkeleg sjukehus i regionen.

– Ja, dei må ha lukka øyrene, men det er vel ein del av strategien deira, seier Selje-ordførar Gunn Helgesen.