Hopp til innhold

Sonen (2) korona­smitta: – Vi må tore å snakke ope om det

Tone Refvik sin to år gamle son blei smitta av korona i barnehagen. No ber ho folk slutte å spreie rykte i dei små bygdesamfunna i Nordfjord.

Tone Refvik

NÆR KONTAKT: Tone Refvik (26) og sonen på to år. Tone reknar med at ho også er smitta av korona etter utbrotet i ein barnehage på Raudeberg i Kinn.

Foto: Privat

Dei siste dagane har nærare 50 barn og vaksne blitt smitta i i eit utbrot som starta på Nordfjordeid.

– I byrjinga av året tenkte eg at dette skjer ikkje oss, for det var såpass langt vekke. Men brått så skjer det, heilt utan forvarsel, seier Tone Refvik til NRK.

Ein tilsett i barnehagen sonen går i, blei konstatert smitta sist fredag. No har smitten spreidd seg til fleire vaksne og born i barnehagen.

Blant dei er toåringen til Refvik. Mora reknar med at ho sjølv også har blitt smitta no av den viltre krabaten.

– Skal ikkje vere tabu

No tek ho sterk avstand frå ryktespreiinga som har skjedd i Nordfjord den siste tida om kven som er smitta og kvifor. Sjølv vel ho difor å vere heilt open.

– Eg synest det er veldig synd at folk spreier rykte. Eg tenker at det ikkje skal vere noko tabu eller hemmelegheit at du har korona.

På Nordfjordeid i Stad kommune seier kommunelegen Thomas Vingen Vedeld at det har vore utfordrande med sladder og ryktespreiing i dagane etter smitteutbrotet.

– Vi hadde brot på isolasjonsplikta, der ein person i ein litt pressa situasjon tok eit val som var uheldig. Det skal ein ikkje unnskylde, men samtidig må vi halde fram med å ha eit menneskeleg perspektiv og ta vare på kvarandre, slår Vedeld fast.

Mannen som braut isolasjonsplikta kan vente seg eit førelegg frå politiet.

– Vi får god oppfølging

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Stad er samd med kommunelegen i at ein no må rette fokuset mot å syne varme og omsorg for dei som har blitt råka.

– I tett samarbeid med nabokommunane er vi no i ferd med å få kontroll over dette utbrotet, seier Bjørlo.

Heime i Refvika i Kinn er den koronasjuke toåringen til Tone Refvik heldigvis mildt råka av viruset.

– Vi har fått veldig god oppfølging frå helsevesenet og frå barnehagen. Vi bur heldigvis på bygda, og då blir det kanskje litt lettare å vere i isolasjon, seier Refvik.