Hopp til innhold

Trur sommarskisesongen varer til oktober

Store snømengder i vinter og lite snøsmelting gjer at ein no kan vente seg ein lang sommarskisesong fleire stadar.

Folgefonna Sommerskisenter

FULL VINTER: Med opptil seks meter snø midt i juli reknar Folgefonna sommerskisenter i år med å halde «sommarope» heilt inn i oktober.

Foto: Julius Braathen

– Vi får ein lenger sesong, mykje lenger enn det vi kunne drøymt om, så det er veldig positivt.

Det seier dagleg leiar Nina Lensebakken ved Stryn Sommerski.

– Vi har sett 2. august som eit godt og ambisiøst mål, så vi håpar at det held såpass lenge.

Men sjølv om du kan leike det i skibakkane i Stryn i heile juli, blir dette anlegget i Nordfjord slått ned i skistøvlane av ein konkurrent i Hardanger.

Fjordingen skreiv om saka først.

Nina Lensebakken

LANG SESONG: Dagleg leiar Nina Lensebakken ved Stryn Sommerski gler seg over at snøen truleg held seg inn i august i år (arkivfoto frå mai).

Foto: Silje Guddal / NRK

– Aldri opplevd liknande

På Folgefonna sommerskisenter ligg det no midt i juli nemleg snømengder på nivå med påska i fjor. Somme stader opptil seks meter snø, ifølge dagleg leiar Michael Iversen.

– Både mengda og snøkvaliteten er svært god, seier han.

Oslo og mange austlandskommunar har i år haustferie frå 26. september til 4. oktober. I Bergen og mange kommunar på Vestlandet er det ferie 3.–11. oktober.

Slik forholda er no, ser Iversen føre seg at det ikkje blir sesongslutt før etter haustferien for både aust- og vestlandet.

– Nokre år har vi køyrd skiheisane i løpet av september, men eg kjenner ikkje til at det nokon gong har vore køyring i byrjinga av oktober, seier Iversen.

– Kan du garantere dette?

– Det ser ut som det skal gå heilt fint, men eg kan aldri garantere noko. Det er vêr og vind som avgjer sesongane våre.

Tre gonger så mykje

Generelt er det i dei høgare fjellområda på vestlandet og nordover mykje snø for årstida.

– Mange stadar er det over 300 prosent av medianverdi, fortel forskar i NVE, Kjetil Nervoll.

Han meiner det vil ta tid før snøen smeltar vekk.

– Det er vanskeleg å seie, men vi må få det varmare for å få snøsmelting. Uansett vil vi få ein situasjon med forseinka snøsmelting.

Kan utvide sesongen

Hjå Stryn Sommerski må ein tilbake til 90-talet for å sjå ein liknande sesong som i år.

Stryn Sommerskisenter

STORE SNØMENGDER: Stryn Sommerski ser fram til ein spesielt lang sesong.

Foto: Nina Lensebakken

Lensebakken fortel at det er vanskeleg å samanlikne snømengdene, då det legg seg ulikt frå år til år, men seier det er merkbart store mengder i år.

– Heile huset var vekke under snøen og vi måka av eit par meter på taket.