Hopp til innhold

Sommarhandelen held liv i nærbutikkane

SKJOLDEN (NRK): Nærbutikken i Skjolden tenar inn 43 prosent av den årlege omsetninga i løpet av sommaren. Utan sommarhandelen ville det vore vanskeleg å drive butikk i mange små bygder.

Silvija Apeinane, butikksjef Skjolden

TRAVLE DAGAR: Sommarmånadane byr på travle dagar og høg omsetning for Silvija Apeinane og dei tilsette på nærbutikken i Skjolden.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Sommaroverskotet gjer at vi lever resten av året også, seier butikksjef Silvija Apeinane på Coop Marked i Skjolden.

Ifølgje Apeinane kan det i løpet av ein dag om sommaren kan vere opp til 600 menneske innom butikken i bygda med om lag 300 innbyggjarar.

– Og statistikken viser berre dei som har vore gjennom kassa. Om det til dømes kjem ein familie med 2-3 ungar, og berre ein av foreldra handlar, har det eigentleg vore fleire gjennom butikken.

– Hadde det vore mogleg å drive butikken utan den ekstra omsetninga om sommaren?

– Det hadde vore vanskeleg. I alle fall hadde her vore færre arbeidsplassar.

Fire gongar omsetning

Omsetninga til butikken i Skjolden i juli er fire gongar så høg som i januar, og juli står for 18,7 prosent av den årlege omsetninga til butikken. Totalt står dei tre sommarmånadane for 43 prosent av omsetninga.

Apeinane fortel at det er mage ulike typar turistar som er innom butikken i løpet av sommaren.

– Til dømes er det mykje hyttefolk, folk frå Skjolden som har sommarhus her, tilreisande og forbireisande, seier ho.

– I tillegg er det mange cruiseturistar som berre er innom for å sjå kva varer vi har og samanlikne prisar med heimlandet. Det er som om vi driv eit matmuseum.

112 milliardar

Tal frå Virke, handels- og tenestenæringa sin hovudorganisasjon, viser at det i Noreg vil verte handla for 112 milliardar kroner i juli og august, og 36,7 milliardar vil kome frå sal av mat og drikke i daglegvarebutikkar.

I Sogn og Fjordane utgjorde sommarhandelen i fjor 19 prosent av den årlege omsetninga. Berre Aust-Agder har høgare tal enn dette, med 20,2 prosent.

Ingvill Størksen, byline

VIKTIG: Sommarhandelen er ekstremt viktig for mange nærbutikkar, seier direktør Ingvill Størksen i Virke daglegvare.

Foto: Virke

Direktør for Virke daglegvare Ingvill Størksen seier at sommaromsetninga er svært viktig for mange butikkar, og spesielt viktig i Sogn og Fjordane.

– Butikken i Skjolden har nok ein spesielt høg andel av omsetninga si om sommaren, men for mange av dei små distriktsbutikkane er sommarhandelen ekstremt viktig. Det at turistar handlar lokalt betyr at dei fastbuande har butikk også resten av året.

– Viktig for lokalsamfunnet

– Er det slik at desse butikkane ikkje hadde klart å drive resten av året utan sommaromsetninga?

– For nokre ville det nok vore tungt, fordi sommarhandelen utgjer ein så stor del, og fordi det er få fastbuande rundt butikkane. Det er også klart at det å ha ein lokalbutikk er viktig for å halde oppe busetnaden mange stader, seier Størksen

At nærbutikken er viktig for lokalsamfunnet er også butikksjefen i Skjolden einig i.

– Veldig mange tenester samlar seg i butikken. Vi har til dømes både apotekutsal, post og bankskranke. Alt skjer i butikken, seier Apeinane.