– Det var daft utpå der i dag

(SOGNDAL – ULL/KISA: 4-3) Til tider såg det ut til at Sogndal hadde tatt sommarferie ein kamp for tidleg. Men ein Malick Mane i scoringsform vart tunga på vektskåla då Sogndal tok seg vidare frå 3. runde i NM-cupen etter siger over Ull/Kisa.

Gustav Valsvik

FERIE: No er det ferie for Gustav Valsvik og resten av Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Etter ein lang vårsesong, og med heile åtte kampar i mai for Sogndal sin del, tek eliteserielaga no ein velfortent ferie fram til 22. juni.

Men i sommarvarmen på Fosshaugane onsdag kveld såg det til tider ut til at Sogndal hadde tatt ferie litt for tidleg.

«Daft»

– Me var slitne, mai månad har kosta mykje krefter og eg trur me kjende det veldig godt utpå der i dag. Det var ingen stor kamp av oss, men me gjorde det me skulle, seier kaptein Rune Bolseth.

– Tok de sommarferie ein kamp for tidleg?

– Tja, det var daft utpå der. Intensiteten var ikkje der den skulle vera, men me scorar fire mål og vinn kampen, då er me veldig nøgd med det.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SLIK VAR KAMPEN: Glimt frå Sogndal-Ull/Kisa i 3. runde i NM-cupen. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

– No blir det godt med ferie der me får lada batteria, og so er me klare att når kampane startar i slutten av juni, seier Bolseth.

Bortelaget scora først

Dei 420 tilskodarane som hadde tatt turen til Fosshaugane i sommarsola, vart nok ikkje veldig imponerte av det dei fekk sjå av heimelaget. Sogndal fekk seg ein real kalddusj etter 13 minutt då Ull/Kisa gjekk opp til 0–1 på eit frispark frå om lag 19 meter. Sogndal svara ved Malick Mane, og 13 (!) sekund ut i andre omgang sendte Ulrik Flo heimelaget i leiinga.

Morten Giæver

NÆRE EI CUPBOMBE: Ull/Kisa var ikkje langt ifrå å slå Sogndal. Her gratulerer Pål Steffen Andresen (t.v.) medspelar Morten Giæver med scoring.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Men bortelaget svara og endå ein gong var laga like langt. Malick Mane serverte Magnus Stamnestrø som hadde ein enkel jobb med å skli ballen i mål frå fem meter. Nokre minutt seinare var det Stamnestrø som serverte Mane og han scora sikkert. Men Ull/Kisa var ikkje ferdige, og reduserte til 4–3 fem minutt før slutt.

– Det er ein cupkamp, det er siste kampen før ferien og me har spelt mange kampar i det siste, og når varmen kjem so tykkjer eg me er OK, seier sogndalstrenar Jonas Olsson.

Trenarbenken til Sogndal med Jonas Olsson

BENKEN: Trenar Jonas Olsson måtte opp av stolen for å mana spelarane til å springa meir mange gonger i løpet av kampen.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Ull/Kisa var nærme

Sogndal la seg langt bakpå og klarerte stort sett ballen langt opp i bana på slutten av kampen.

– Eg tykkjer me er nærme. Sogndal scorar på nesten alle sjansane sine, det gjer ikkje me. Dei er effektive og då vinn dei kampen, seier Roar Johansen, trenar for Ull/Kisa.

– Er det ufortent?

– Nei, det er alltid slik at det laget som scorar flest mål vinn kampen fortent, men me hadde ein veldig god sjanse til å straffa dei i dag. To av Sogndal sine mål går via våre spelarar, so marginane er på deira side i dag, men spelemessig er me fullt på høgde med Sogndal og til tider betre enn dei, seier han.

Magiske Mane

Malick Mane

DRIBLEFANT: Malick Mane ordna sigeren mot Ull/Kisa.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Tunga på vektskåla var Malick Mane. Med to mål og to målgjevande vart han kåra til dagens sogndalspelar av heimepublikummet.

– Det var ein god kamp for meg, og eg er godt nøgd, seier kantspelaren.

Created by InfoDispatcher

ETTER KAMPEN: Sogndal er framleis med på cupmoroa. Foto/redigering: Johan Moen

– Mane er forskjellen i slike kampar fordi han er so dyktig individuelt. Det opnar seg opp store rom for han i dag og då får han store sjansar. Han var veldig viktig i dag og har vore det heile våren, seier Olsson.

Også Rune Bolseth er raus med rosen om lagkameraten.

– Slik som i dag so driv han med fotball på eit anna nivå enn oss. Det er nesten slik at om han gidd, so scorar han. Det er litt den kjensla ein får når han passerer folk so lett som berre det. Han er ein klassespelar, enkelt og greitt.

Ruben Holsæter

JUBLA: Ruben Holsæter etter eit av Sogndal sine mål.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix