Hopp til innhold

Sommarbåten på plass i Odda

Oddingane trossa vêr og vind for å ta i mot NRKs sommarbåt. Eit folkehav møtte programleiar Tarjei Strøm og dei andre på båten då «MS Sjøkurs» la til kai i ettermiddag.

Tarjei Strøm

FRAMME I ODDA: Programleiar Tarjei Strøm på veg inn til kai i Odda.

Foto: NRK

– Her har me eit yrande folkeliv, og alle har gledd seg til og sett fram til at båten skulle komme til Odda. Dette blir ein bra dag, seier ordførar John Oppedal.

Han vert intervjua på kaien av Øyvor Bakke som lurar på kva som er det aller beste med Odda.

– Det finaste med Odda er naturen og folket. Folket er opne og hyggelege. Og så har me ein god industri, vi har litteratur, natur, kva du trur - her vil vi bu, seier Oppedal med eit smil.

Programledere denne veka er sportsjournalist Carina Olset og artisten Tarjei Strøm. NRK Hordalands egen Øyvor Bakke skal lede minutt-for-minutt-sendingane.

Laster Twitter-innhold

Sjå Sommerbåten sin ferd inn Sørfjorden til Odda:

Bilder fra Sommerbåten

Programmet i dag

Odda er kommunen med populære Trolltunga, vinterparadiset Røldal og turistmålet Låtefoss som er ein del av fossanes dal. Ordførar John Opdal trekk fram at naturen i fylket er noko det er verdt å få med seg.

– Elles er det verdt å få med seg Kraftkatedralen i Tyssedal og stavkirka i Røldal, seier han.

Båten kjem: 14.30

Sendingar på NRK1:

  • På veg til: 19.30-20.05
  • Sommeråpent: 21.30-22.15

Båten reiser: 22. juli 12.45. På grunn av minnegudstjenesten for 22. juli utsettes avgangen halvannen time.

Dette får du sjå:

Frode Grytten er født i Bergen, men oppvaksen i Odda kor han hentar mykje av inspirasjonen til bøkene sine. «Bikubesong» er et av hans mest kjente verker og han skal blant anna fortelje om korleis det var å vokse opp i Odda på 70- og 80-talet.

Sara Lutro beherskar morellsteinspytting betre enn dei fleste. Til trass for sin unge alder vart ho i 2014 norgesmester i den noko uvanlege sporten, med et spytt på 8,35 meter. Kanskje møter programleiarane til duell?

Sommerbåten 2015

41 hamner

I løpet av sommaren skal NRKs Sommerbåt «MS Sjøkurs» vere innom 41 hamnar langs hele Norskekysten.

Ein heil veke skal båten vere i Hordaland, og mykje spennande står på planen i de fem kommunane den skal innom.

Vil du dele dine bilde av Sommerbåten? Tag dine bilde med #nrksommer på sosiale medium.

Laster Twitter-innhold