Hopp til innhold

Sommarbåten kjem til Sogn og Fjordane

Tysdag føremiddag passerer NRK sin sommarbåt Stad, og er klar for ei veke i Sogn og Fjordane. Florø, Sogndal, Høyanger og Skjerjehamn står for tur.

Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager

KJEM TYSDAG: MS «Sjøkurs» legg til kai i Florø tysdag klokka 14, som det første av fire stopp i Sogn og Fjordane. Her kan du følgje båten direkte.

Thomas Hellum

LOVAR GOD STEMNING: Thomas Hellum er prosjektleiar for NRK Sommerbåten.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Folk kan vente seg god musikk, og eit fint show på kaien. Det blir spennande å sjå kva som møter oss, seier NRK sin prosjektleiar Thomas Hellum.

Går langt inn i Vestlandsfjordane

21. juni la sommarbåten MS «Sjøkurs» ut på si ferd sørover frå Vadsø. Fram til tysdag ligg den tidlegare hurtigrutebåten til kai i Ulsteinvik. Neste stopp for den direktesende folkefesten på TV er Florø.

– Programleiarane Atle Bjurstrøm og Ida Nysæter Rasch er på plass om bord. Vi gler oss til å gjeste nye stader i Sogn og Fjordane, seier Hellum.

Sommeråpent

PROGRAMLEIAR: Dagsrevy-anker Atle Bjurstrøm.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK
Ida Nysæter Rasch

PROGRAMLEIAR: Ida Nysæter Rasch, kjend frå NRK Sport.

Foto: Yasmin Sunde Hoel / NRK

Nytt av året er at sommarbåten berre seglar sørover langs kysten. Dermed tek ein seg tid til å segle lenger inn i Sognefjorden. Etter Florø står Sogndal og Høyanger for tur, før den gamle handelsstaden Skjerjehamn i Gulen blir siste stoppestad i Sogn og Fjordane.

Kjende ansikt

Så langt har responsen vore overveldande, både i form av sjåartal og oppmøte langs leia.

Bård Vegar Solhjell (SV) i Vandrehallen på Stortinget

KJEM TIL FLORØ: SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell frå Naustdal blir blant gjestene i Sommeråpent frå Florø.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det er rørande å sjå engasjementet. Då vi lat ut på førre seglas i 2013 våga vi ikkje å tru at vi skulle kunne klare å gjenta den folkefesten vi såg med Hurtigruta, erkjenner Hellum som lovar både kjende og ukjende lokale ansikt som gjester ved dei fire hamnene som får besøk i fjordfylket.

I Florø kjem mellom anna naustedølen Bård Vegar Solhjell om bord. I Høyanger er det Olav Stedje som står for musikken. Liv Signe Navarsete er blant gjestene i Sogndal, mens Ola Braanaas er ein sjølvskriven gjest på Skjerjehamn. I Sogndal blir lokale Eva & the Heartmaker å finne på scenen.

– Det fine i år er at vi gjestar 40 heilt nye stader. Vi opplever stor variasjon på reisa. Sogndal har til dømes mykje folkeliv. Høyanger har ei spennande industrihistorie, og etter å ha vore på ein større industristad, dreg vi vidare til vesle Skjerjehamn.

  • I 2013 gjesta sommarbåten Balestrand, Kalvåg og Måløy. (Klikk på stadnamna for å sjå på veg til-sendingane i tv-arkivet.)
Sommarbåten på Vega

41 HAMNER: Forutan endestaden Oslo er NRK sin sommarbåt i sommar berre innom nye stader. Her ligg MS «Sjøkurs» til kai på Vega.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kultursjefen oppmodar til mobilisering

I Florø tør kultursjefen å garantere folkefest.

– Eg håpar Florø-folket stiller opp slik dei brukar å gjere. Både langs leia og på kaia, seier kultursjef Edvin Helgheim.

Edvin Helgheim

TRUR PÅ FOLKEFEST: Kultursjef Edvin Helgheim i Florø reknar med patriotane i kystbyen mobiliserer til TV-sendinga tysdag kveld.

Foto: Olav Hatlemark

Flora kommune har inga aktiv rolle i samband med sommarbåten sitt opphald, men Helgheim reknar med at florøværingane vil skape liv og røre. Han trur sommarbåten sitt besøk kan blir Florø-reklame av beste stort.

– NRK brukar store ressursar på å vise fram lokalsamfunn på ein folkeleg måte. Det at store deler av sendeflata tysdag kveld går frå Florø, betyr mykje, seier Helgheim.

Hellum seier NRK ikkje legg seg bort i arrangementa på land.

– Vi ber ikkje om noko på førehand. Det ein ser av folkeliv og aktivitet på land har lokalsamfunna sjølve stelt i stand. Det er like spennande kvar gong. Vi veit ikkje kva som ventar oss når vi går mot kai.

Sommarbåten blir følgt av armada

SJØVETT: – Folk må vere forsiktige og for all del ikkje krysse framfor sommarbåten, ber prosjektleiar Thommas Hellum. Her ser ein armadaen av småbåtar som følgde seglasen inn mot Hitra.

Foto: Erling Johnsen / NRK

Åtvarar båtfolket

Overalt langs sommarbåten si ferd langs kysten kan ein sjå folk på dei raraste stader veive med flagg og plakatar mot fjernsynskamera. Prosjektleiar Hellum trur det handlar om meir enn berre å få ansiktet på TV.

– Eg trur folk er stolte over at dei bur der dei bur, og vil gjerne vise fram plassen sin, seier prosjektleiaren som samstundes kjem med ei klar oppmoding til båtfolket.

– Eg håpar at folk er forsiktige. Sjølv om det ser ut som at ein nærmast kan gå tørrskodd mellom alle småbåtane, så er det farar. Det skvulpar godt med så mange båtar ute, og ein må for all del ikkje krysse framfor baugen på sommarbåten, åtvarar Hellum.

Sommerbåten på Sommarøy

MINUTT FOR MINUTT: Sommarbåten sin seglas blir sendt direkte på TV og nett-TV. Her frå Sommarøy.

Foto: Skjermdump / NRK

Arne har «sommarjobb» om bord

Om lag 100 jobbar om bord i sommarbåten, 28 av dei som mannskap, 70 for NRK.

Blant dei er Arne Stubhaug, til dagleg fotograf i NRK Sogn og Fjordane. I to veker skal han MS «Sjøkurs» som arbeidsstad.

NRK-fotograf Arne Stubhaug

– STOR OPPLEVING: Arne Stubhaug har i byta ut Vestlandsrevy-jobbing for NRK Sogn og Fjordane med sommarbåten.

Foto: NRK

– Det er heilt fantastisk. Vi blir følgt av ein hale med båtar, og kjem til smekkfulle kaiar, seier Stubhaug som mønstra på båten på Vega i Nordland sist måndag.

I Ulsteinvik var han ein av tre fotografar på kaia. Neste stopp altså blir Florø, der Stubhaug sjølv vaks opp.

– Det blir kjekt. Eg håper det blir full kai, seier 43-åringen som er busett Førde.

Seinare i sommar skal fotograf Steinar Lote frå NRK Sogn og Fjordane mønstre på.