Hopp til innhold

Sommar i sør på 17. mai

Fortvil ikkje om bunaden har krympa siste året. 17. mai passar det betre med bikini enn ull. Det kan verte godt over 20 varmegrader fleire stader i Sør-Noreg.

17. Mai folk

BERGEN: Det kan bli 23 grader i deler av landet på nasjonaldagen.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Det blir nok meir is- og brusvêr enn bunadsvêr på 17. mai, slik det ser ut no. Det kan bli unormalt høge temperaturar for årstida, seier Eli Kari Gjengedal i Storm.no.

I meldingane fram mot nasjonaldagen melder dei om sol og 20 grader fleire stader i Sør-Noreg.

Det betyr at folketoga frå Lindesnes og opp mot Trondheim får sol og sommar. Fredag føremiddag melde Storm.no 23 grader i Oslo på nasjonaldagen.

Gjengedal trur dermed det kan høve betre med bikini enn bunad av ull. Likevel er det nordfjordbunaden som skal fram frå skåpet hennar.

– Eg får oversjå litt sveitting og heller halde meg i skuggen.

Natalija Klazer i Tromsø

SNØRIKT: I Tromsø og resten av Nord-Noreg er det meldt meir snø. Om det blir vêr til å bruke 17. mai til skitur står att å sjå. Natalija Klazer i Tromsø, tok skia fatt 1. mai. – Eg nyt snøen og ynskjer å forlenge skisesongen.

Foto: Ida Louise Rostad

– Temperaturar kring 20 grader

Også Meteorologisk institutt har gode meldingar for den sørlege delen av landet.

– I Sør-Noreg ligg det an til temperaturar kring 20 grader, kanskje endå høgare. Det store spørsmålet er om sola gløttar gjennom eller ikkje, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

Skjermdump av vêrmeldinga for Oslo 17. og 18. mai.

30 GRADER: Storm.no er ikkje i tvil om at det blir varmt i Oslo kring nasjonaldagen.

Dei varme luftmassane kjem over helga, men det er berre i sør at dei vil halde seg over lengre tid. Over Vestlandet vil det også kome mykje nedbør dei næraste dagane, som gjer at våren slår ut for fullt innan 17. mai.

I Nord-Norge kan det derimot vere smart å ha varme klede klare. Dei næraste dagane er det meldt om kaldt vêr og fare for snøstorm.

I Møre og Romsdal og Trøndelag er det meldt om snø over 200 meter, og bilistar er oppmoda om å bruke riktige dekk og køyre etter forholda.

Per H. Olsen og familien utanfor Tromsø krev sommar no.

KREV SOMMAR: Per H. Olsen og familien har fått nok av snø og kulde. Dei krev sommar no!

Foto: Privat

– Lov å håpe at det blir varmt i nord

Også i nord kjem mildare vêr sigande, men det kjølnar att når nasjonaldagen nærmar seg.

– Det kan framleis endre seg, og det er lov å håpe at det blir varmt i nord, men det er vel eit håp meir enn noko anna, seier Fagerli.

I mars var det eit gløtt av vår også i nord, og difor har det vore ekstra tungt for nokre at det nærast kom ein ny sesong med vinter.

– Eg håpar det betyr at sommaren blir god, varm, lang og fin. Heldigvis går snøvêret på eit tidspunkt over. Mest truleg, ler Tove E. Lien i Tromsø.

17.mai 2020, en annerledes feiring.

DET ER SPØRSMÅLET: Det store spørsmålet er om sola gløttar gjennom eller ikkje, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

Foto: Marit Hommedal / NTB