Hopp til innhold

Solvik-Olsen tykkjer kritikken er urimeleg

– Vi satsar på E134 og riksveg 52 som vi har sagt heile tida. Vi er berre tydelegare no på at vi ikkje må gløyme dei andre, seier samferdsleministeren.

Ketil Solvik-Olsen

SAMFERDSLEMINISTER: Ketil Solvik-Olsen meiner kritikken til regjeringa sin stamveg-plan er urimeleg. Han seier dei vil satse på å kutte reisetida på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og E134 over Haukeli.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– I avgjerda vi har teke legg vi opp til at det er to trasear vi skal satse spesielt på når det kjem til å avgrense reisetid, og det er E134 over Haukeli og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Dei vil vere det vi kallar tungbilstrekningane, og vi vil få transportårene for gods dit, seier ministeren til NRK.

Andre har vore usamde og kalla avgjerda feig. Leiar i Norges lastebileigarforbund, Geir A. Mo meiner vegvalet er eit antiklimaks.

– Det verkar mest som dei har utsett problemstillinga fordi dei ikkje har blitt einige, seier han.

For to år sidan sa samferdselsminister Solvik-Olsen følgande til NRK:

«I staden for at ein spreier pengane tynt utover fire trasear og ingen får nokon eigentleg forrang, så vil me sørge for at me vel ein eller to som investerast ekstra i for å få ned reisetida.»

Arbeidarpartiet kalla avgjerda om å satse på fire vegar for «ei oppvisning i manglande avgjerdsevne». Solvik-Olsen avviser kritikken.

– Eg syns kritikken er heilt urimeleg. For det første så klarte ikkje Ap å prioritere nokon av vegane vi snakkar om no. At det ikkje er godt nok no er berre tull.

Vil satse på å få ned reisetida over Hemsedalsfjellet

Samferdsleministeren meiner at regjeringa held det dei har sagt tidlegare, men tydeleggjer kva funksjon dei ulike traseane skal ha.

– Vi skal ikkje gløymte dei andre vegane. Vi skal jo ikkje legge ned riksveg 7 eller E16. Dei skal haldast ved like og rassikrast på lik linje med dei andre. Men når vi brukar pengar på å få ned reisetida, er det Hemsedalsfjellet og E134 vi satsar på, seier Solvik-Olsen.

Lastebil kjører rv. 52 over Hemsedalsfjellet

TUNGTRANSPORT: Regjeringa seier dei vil satse på å få ned reisetida på rv. 52, og at tungtransporten skal gå her. Dei har ikkje sagt kor mykje pengar dei vil satse på utbetring av vegen enno.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Håpar på tydlegare svar i NTP

Geir A. Mo i Lastebileigarforbundet er skuffa over at det er vald fire hovudvegar, men forventar at Nasjonal transportplan som blir lagt fram om to veker skal gi fleire svar.

– Det politiske spelet får gå sin gang. Vi forventar forpliktande investeringsplanar for riksveg 52, slik at den kan utviklast til det den skal vera, seier Mo.

Oddvar Flæte er sekretariatsleiar i interesseselskapet for Hemsedalsfjellet. Han meiner det finst positive signal i framlegget.

– Dersom riksveg 52 skal vera hovudveg for transportnæringa, må vi ha ein ganske god veg. Då er vi nøydde til å få mykje av det vi har lagt opp til, med godt vedlikehald og tunnel, meiner Flæte.