Hopp til innhold

Familien til Solveig (100) er så stor at ingen klarar å halda oversikt

Det er få 100-åringar i Noreg som kan skilta med ei slik samling barn, barnebarn, oldebarn og tippoldebarn.

Solveig Westerheim med mange av sine oldebarn.

Her er Solveig Olivia Westerheim samla med mange av sine oldebarn på 100-årsdagen sin. Det er svært sjeldan at nokon lever lenge nok til å få oppleva 77 oldebarn.

Foto: Chris Louis Johnsen

– Eg hadde betre oversikt før, men no er det vanskelegare, seier 100 år gamle Solveig Westerheim frå Fitjar i Vestland.

Det er kanskje ikkje så rart. For ein skal ha god kontroll for å halda styr på denne familien.

Solveig Westerheim har nemleg ei imponerande rekkje med etterkommarar.

11 barn.

33 barnebarn.

77 oldebarn.

4 tippoldebarn.

NRK har spurt SSB om dette er unikt. Men dei har ikkje tal på dette.

Den frivillige organisasjonen Slekt og Data meiner Solveig si historie er spesiell.

– Eg har ikkje vore borti mange som har så mange oldebarn og tippoldebarn, og sjølv er i live, seier generalsekretær Lina Bjelland Myrvold i organisasjonen Slekt og Data, en organisasjon for slektforskere.

Det var avisa Sunnhordland som først skreiv om denne saka.

Mange barnebarn til Solveig Westerheim

Det var 31 av 33 barnebarn samla i bursdagen til 100 år gamle Solveig. Skal ein få 77 oldebarn, må også barnebarna få mange ungar.

Foto: Chris Louis Johnsen

Mista sin førstefødde

Solveig gifta seg i 1942 med Laurits Westerheim. Ekteparet fekk ha kvarandre heilt til 2009.

Då døydde mannen i ein alder av 95 år.

Dei fekk til saman 13 barn.

Den førstefødde, vesle Harald, døydde i ein alder av to år. Eitt av barna var også død ved fødselen.

Men elleve av barna vaks opp, og er i dag i alderen 57 til 77 år.

Eldstemann heiter også Harald, og kom til verda tre veker før vesle Harald døydde i 1945.

– Skal du få så mange etterkommarar må du få første ungen tidleg, og så få mange barnebarn som kan få endå fleire oldebarn, seier Bjelland Myrvold.

Dei elleve barna til Solveig Westerheim

I åra 1945 til 1965 fekk Solveig Westerheim elleve barn. Dei er i alderen 57 til 77 år.

Foto: Chris Louis Johnsen

Samla for å feira

Det var difor fullt då Westerheim feira dagen sin på eit forsamlingshus før jul.

Hit kom både barn, barnebarn, oldebarn, tippoldebarn, svigerbarn, bonusbarn, og elles mange kjende. Det var folk i alle aldrar, frå spedbarn til langt oppi 90-åra.

Det er fullt av bilete på veggen heime hos Solveig Westerheim.

Det er fullt av bilete i stova heime hos Solveig Westerheim. Det er berre eit fåtal som har kontroll på kven alle er.

Foto: Olav Røli / NRK

Nokon hadde teke turen frå Spania og Danmark, medan andre hadde komme frå Tromsø for å feira dagen.

– Ho er så klar i hovudet, og hugsar så godt frå tida ho var barn. Mellom anna at ho sydde kleda til ungane sjølv. Det orkar jo ingen i dag, seier oldebarnet Jeanette Lidal, som kom til bursdagen saman med tippoldebarnet Lucas.

Den yngste sonen til Solveig, Bjørn André Westerheim, overtok garden frå foreldra i 1993.

Der bur framleis mora, i generasjonsbustad.

Sonen hadde ikkje rekna med at mora skulle bli så gammal.

– Men det er veldig kjekt. Og det er veldig bra at me kan møtast på ein slik dag. Det er ikkje alltid like lett å halda kontroll over kven som er kven, seier han.

Line Bjelland Myrvold, generalsekretær i Slekt og Data.

Organisasjonen Slekt og Data meiner det er særs uvanleg å leva så lenge at ein får oppleva over 70 oldebarn. Lina Bjelland Myrvold er generalsekretær.

Foto: Privat

Hugsar krigen

Solveig har levd i ei tid utan både straum, innlagt vatn, og der einaste forbindelse med omverda var med båt.

Ho vart nemleg fødd i øykommunen Bømlo i 1922.

– Det var harde tider. Me hadde ikkje så mykje. Ikkje hadde me veg og ikkje hadde me innlagt vatn og straum. Tidene var så annleis, samanlikna med no, at det går ikkje an å forklara, seier ho til lokalavisa.

Av minne er det spesielt okkupasjonsåra på 40-talet ho hugsar godt.

– Krigsåra var ikkje bra. Eller me klarte oss jo på ein måte. Me svalt ikkje i alle fall, seier ho til NRK.

100 år. Solveig Westerheim.

Ho vil ikkje snakka om krigen i Ukraina, og seier ho ikkje får gjort noko med det likevel.

Foto: Olav Røli / NRK

Men snakka om dagens situasjon i Ukraina vil ho ikkje.

– Nei, huff. Eg får ikkje gjort noko med det likevel, svarar ho.

Trass i mange etterkommarar og mange levde år, har ho ingen gode råd eller mirakelkurar å dela.

– Eg har berre gjort mitt beste for at mine skal ha det bra.

– Korleis er det å verta 100 år?

– Eg kjenner ikkje noko skilnad, seier ho med eit smil.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.