Hopp til innhold

Sølte diesel gjennom heile byen

Ein lekkasje på bybussen i Florø førte til at store delar av rutestrekninga vart tilsølt av diesel. Brannvesenet i Florø har spylt dei mest kritiske punkta.

Oljesøl2

TOK RUNDEN: Flora brannvern køyrde opp att ruta til bybussen i Flora for å spyle det verste dieselsølet.

Foto: Truls Kleiven

– Sjåføren oppdaga at det hadde leke diesel frå bussen då han var på veg ned att frå flyplassen. Han stoppa då bussen, og gav umiddelbart beskjed, fortel teknisk leiar ved Firda Billag, Arne Hetle.

Alarmsentralen mottok på same tid mange meldingar om dieselsøl i vegbana frå Fjord Base, gjennom Florø sentrum og heilt til Havreneset.

Har køyrt heile strekningastrekningen

Dei fire som var på vakt hjå brannvesenet i Flora, heiv seg raskt i brannbilen og køyrde ruta til bybussen for å rydde opp der dieselsølet hadde hopa seg opp.

– Brannvesenet har spylt ein to-tre plassar der opphopinga av diesel har vore størst, fortel 110-operatør, Espen Rysjedal.

Brannvesenet har køyrt strekninga frå rundkøyringa i Botnaholten, ned til Statoil, ut til Fjord Base, så til Havreneste, Nyheimsvegen, Industrivegen og Vågavegen.

– Deretter tilbake til rutebilstasjonen. Vi har fått fjerna det verste, og så satsar vi på at regnet tek seg av resten, seier Rysjedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oljesøl3

GLINSANDE: Dieselsølet såg verre ut enn det. Her er sølet fotografert ved rundkøyringa ved Florø lufthamn.

Foto: Truls Kleiven

– Ser mykje ut

Både politiet og alarmsentralen opplyser at bilistar har meldt ifrå om glatt vegbane på heile strekninga.

– Det er ikkje store mengder, men når det regnar så ser det ut som ein god del. Vi har fått melding frå bilistar som føler det er glatt der, stadfestar operasjonsleiar Per Rimmen hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Skal undersøkjast i morgon

Teknisk leiar hjå Firda Billag, Arne Hetle, fortel at det førebels er uvisst kva som er årsaka til lekkasjen.

– Vi veit ikkje heilt kva som lek. Vi sender folk frå Førde torsdag, og så vil dei undersøkje bussen nærare. Deretter må vi ta ei vurdering på om dei klarar å reparere feilen i Florø, eller om bussen må fraktast på redningsbil til verkstaden vår her i Førde, seier Hetle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bussen er ganske ny

Bussen det er snakk om, er ein liten bybuss.

– Bussen er knappe fem år gammal, så han er høvesvis ny. Men slike ting kan skje likevel, seier Hetle.

Han presiserer at Firda Billag har erstatningsbussar å setje inn, og at bybusspassasjerane i Florø ikkje skal bli ståande utan buss.

– Bybussen i Florø kjem til å gå som normalt onsdag ettermiddag, seier Hetle.