Hopp til innhold

Solid landslagsinnsats frå Boge Solås

18 år gamle Kjerstin Boge Solås frå Dale får skryt av landslagsleiinga etter kampen mot Danmark.

Kjerstin Boge Solås

SOLID INNSATS: Kjerstin Boge Solås scora sine første landslagsmål i kampen mot Danmark.

Foto: Frank Cilius / NTB scanpix

Boge Solås gjorde ein habil innsats både i forsvar og angrep, og kunne notere seg for to scoringar i 1. omgang, og ei scoring i 2. omgang i kampen som til slutt enda 31–19 i dei norske jentene sin favør.

– Kjerstin spelte ein fin kamp i dag, og bidrog sterkt til sigeren mot Danmark, seier assistenttrenar Mia Hermansson Høgdahl.

Laurdag debuterte Kjerstin Boge Solås landslaget mot Russland. Då Norge møtte Danmark sundag, fekk ho betydeleg meir speletid.

– Eg er veldig godt nøgd med kampen, eg følte eg hadde kontroll på nervane og fekk til å spele slik som eg pleier å gjere på klubbnivå, seier Boge Solås.

– I dag fekk ho meir speletid enn i går, og det er fordi vi ynskjer å sjå dei fleste av spelarane våre i aksjon. Og når ho gjer ein så solid innsats som ho gjer, då få ein og spele meir, seier Hermansson Høgdahl.

Lysande framtid

Boge Solås har tidlegare spelt på handballaget til Førde, og spelar til dagleg på Tertnes. Etter to kampar i landslagstrøya spår Hermansson Høgdahl ho ei lysande handballframtid.

Mia Hermansson Høgdahl

FULL AV LOVORD: Mia Hermansson Høgdahl er assistenttrenar på kvinnelandslaget i handball.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

– Kjerstin har udiskutabelt ei fin framtid framfor seg, og har i alle fall ikkje gjort moglegheitene sine mindre etter dagens kamp.

Ho beskriv Boge Solås som ein solid spelar, sin unge alder til trass. Ho er sterk og relativt uredd og har ein fysikk som passar handball, meiner assistenttrenaren på landslaget.

– Eg har følgt med ho på juniorlandslaget der ho og hadde ei sentral rolle. Det er ikkje alltid ein klarar å få det til på same måten når ein kjem på seniorlandslaget, det kan vere litt nervar og slikt, men for Kjerstin sin del har det gått fortare enn forventa, seier Hermansson Høgdahl.

Og rosen frå Hermansson Høgdahl varmar.

– Det er godt at også andre sit igjen med same kjensla som meg etter kampen, seier Boge Solås.

Det unge handballtalentet har som mål å verte best mogleg, men reknar sjølv med at det er eit stykke igjen før ho kan spele seg inn på ein fast plass på landslaget.

– Det er nok eit stykke fram, men eg har god tid, seier Boge Solås.