Hopp til innhold

Solhjell møtt med tøffe krav

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell blir møtt med tøffe krav allereie første dag i jobben. Natur og Ungdom krev mellom anna at ministeren stoggar planane om sjødeponi i heimkommunen Naustdal.

Stoltenberg og nye statsråder

FEKK ROS: Statsminister Jens Stoltenberg var full av lovord om sine nye statsråder. Frå venstre: Inga Marte Thorkildsen, Jens Stoltenberg, Bård Vegard Solhjell og Heikki Holmås.

Foto: Siv Sandvik

Då statsminister Jens Stoltenberg presenterte sine nye statsrådar på Slottsplassen fredag føremiddag vart det endeleg klart at Solhjell tek over som statsråd i Miljøverndepartementet.

Solhjell, som opphavleg er frå Naustdal, vart møtt av Natur og Ungdom som hadde planane klare for korleis den nye miljøvernministeren skal gjere jobben sin.

– Vi har med både ein stillingsinstruks og ein arbeidskontrakt til ministeren. Her må han seie at han skal gjere det yttarste for verdas klima og for naturmangfaldet, som han må ta vare på, seier leiar Silje Lundberg i Natur og Ungdom.

Vart møtt med stillingsinstruks

Allereie onsdag meldte NRK at SV vil gjere endringar i ministerkabalen. I dag vart dei nye statsrådane møtt av både presse, familie og andre interesserte på Slottsplassen. Statsminister Jens Stoltenberg var full av lovord om dei nye ministrane.

Samtidig som Bård Vegar Solhjell fekk jobben som miljøvernminister, tok Inga Marte Thorkildsen over som ny statsråd i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, medan Heikki Holmås blir ny utanriksminister.

For Solhjell er det andre gong han får jobb som minister, tidlegare har han vore kunnskapsminister. Når han no tek til på jobben som miljøvernminister er det med store forventningar frå første dag. Natur og Ungdom er heilt klare på kva dei ventar av han.

Den nye stillingsinstruksen og arbeidskontrakten dei bad Solhjell skrive under skal sikre at han hugsar på dei viktige oppgåvene han skal ta til på.

– Det er særleg to viktige oppgåver han må ta tak i. Det er å stogge planane om sjødeponi i Førdefjorden og å sikre ei god klimaendring, seier Silje Lundberg i Natur og Ungdom til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bård Vegar Solhjell

MINISTER: Bård Vegar Solhjell har tidlegare hatt jobben som kunnskapsminister.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Betent sak i heimkommunen

Blant sakene som Solhjell no får i fanget er nemleg den betente saka om fjorddeponi i Førdefjorden, i samband med gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring. Saka i heimkommunen har ført til enormt engasjement både lokalt og nasjonalt.

Nordic Mining har planar om eit sjødeponi med 250 millionar tonn overskotsmasse frå gruvedrifta. Dette vil dekke om lag tre kvadratkilometer av fjordbotnen, det utgjer fem prosent av arealet i Førdefjorden.

Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Mattilsynet har alle sag klart nei til å deponere gruveavfall i norske fjordar. Dei er klare på at ein ikkje kan gjere dette før det er kome på plass meir kunnskap om konsekvensane.

Tidlegare denne veka sa også Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) at dei ville ha meir kunnskap før dei gir grønt eller raudt lys til fjorddeponi i Førdefjorden.

Veit han går ein tøff jobb i møte

Silje Lundberg, nyvalgt leder i Natur og Ungdom

STILLER KRAV: Silje Lundberg i Natur og Ungdom seier dei krev at ministeren stoggar fjorddeponiet i Førdefjorden.

Foto: Line Lønning /Natur og Ungdom

Bård Vegar Solhjell veit at han har krevjande oppgåver i vente.

– Eg trur eg går til ein tøff jobb, men veldig harde krav frå både Natur og ungdom og andre, og ikkje minst frå miljøet, sa Solhjell på Slottsplassen.

Han er klar på at han skal ta til på dei vanskelege oppgåvene frå første dag, og seier dei er ei stor ære å få ta over jobben som miljøvernminister. På spørsmål om han vil tillate deponering av gruveavfall i fjorden eller ikkje svarar han slik.

– Eg skal gå inn i den og alle andre saker raskt. Eg ventar meg tøffe tak frå i dag ein og det er difor eg har sagt ja til jobben. Eg skal komme tilbake til kor eg står i denne og andre saker, seier Solhjell.

Risikerer «oppseiing»

Natur og Ungdom er klare på kva dei ventar seg av ministeren, og om han ikkje følgjer arbeidskontrakten kan det få konsekvensar.

– Dersom han bryt arbeidskontrakten er det Natur og Ungdom som er klageinstans. I verste fall, og det står det også om i kontrakten, vil det ende opp med krav om avgang, seier Lundberg.