Hopp til innhold

Solheims siste tur med gjengen

Kampen i Skien mot Odd Grenland i kveld er Mats Solheims siste tur med gjengen. Til nyttår dreg han til Kalmar i Sverige.

Mats Solheim

KLAR TIL KAMP: Mats Solheim gler seg til kampen mot Odd Grenland.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det sjølv, men det er klart det er litt trist. Samtidig er det spennande, for eg skal jo vidare til noko nytt, seier Solheim.

Forsvarsspelaren frå Loen i Stryn har spelt i Sogndal i fem år, men frå nyttår går vegen vidare til Sverige. Kampen i dag er siste bortekamp. Neste helg får Sogndal besøk av Molde heime.

Odd Grenland i knallform

I kveld møter Sogndal det knallsterke formlaget Odd Grenland. Skiensarane har teke 22 av 24 poeng på sine åtte siste kampar. Dei jaktar medalje og det er venta ein ganske tøff kamp.

– Eg trur det blir ein veldig tøff kamp og ikkje noko enkelt. Odd vil ha medalje, og dei er formlag nummer ein, seier Solheim.

Kjem til å gi full pinne

Han håpar likevel Sogndal kan spele bra fotball og få med seg nokre poeng.

– Vi kjem til å gi full pinne. Vi treng eitt poeng. Forhåpentlegvis får vi det eller meir. Eg håpar inderleg vi er klar for tippeligaspel neste år etter i dag, seier Solheim, som satsar hardt på at det kjem ei avklaring i forhold til Tippeligaspel i dag.

– Det er mykje betre kjensle å reise dersom vi held oss i Tippeligaen, enn viss ikkje, seier Solheim.

Treng fleire i forsvar

Tidlegare har Sogndal-ekspert Jon Navarsete sagt at han er uroa over at landets tettaste forssvar er i ferd med å smuldre opp.

Solheim går til Kalmar, Isak Scheel er klar for Lillestrøm. Heller ikkje Barry Kader blir å finne i neste års sogndaltropp.

– Det ser ut til at det er fleire i forsvaret som reiser, så dei bør nok få på plass nokre nye forsvarsspelarar. Samtidig kjem sikkert den nye svenske trenaren til å ta med seg nokre spelarar når han kjem, seier Solheim.

Har hatt flaks før

Også sportsleg organisator, Håvard Flo, spår ein tøff kamp i kveld.

– Det blir ein tøff kamp mot eit solid formlag. Slik Odd Grenland har stått fram den siste tida, blir ikkje dette noko lett oppgåve, seier Håvard Flo, men han avskriv ikkje moglegheita for poeng på Odd Stadion.

– Vi har vore ute og konkurrert før med bra hell, og det skal vi prøve på denne helga også, seier Flo.

Han fortel om ein tropp som er prega av litt smårusk. Fleire spelarar slit med småskadar. I tillegg er Ahyee Aye Elvis ute med suspensjon.

Laget stiller sterkt

– Cato Hansen hadde flott progresjon og vi trudde han kunne nå denne kampen her, men det gjer han ikkje. Men det er ingen store ting som har komme no i nyare tid, seier Flo.

Ole Jørgen Halvorsen verkar å vere i bra form.

– Eg vil seie at vi stiller høvesvis sterkt, seier Flo.

Dersom Sogndal vinn mot Odd Grenland, bergar dei plassen. Men om dei tapar, kan dei framleis berge plassen dersom Start snublar mot Viking.

– Bonus viss Start snublar

– For oss har vi fullt fokus på oss sjølve og det vi skal gjere. Vi kjem nok til å nærme oss den kampen for å hente poeng. Vi går ut for å gjere dette sjølve, seier Flo.

Han legg til at skulle Start tape mot Viking, må det reknast som ein bonus. Røynslene med å møte Odd Grenland på bortebane, er blanda.

– Førre gjeldande kamp i Skien enda 4–4. Det var ein forrykande kamp, kanskje ein av dei mest underhaldande eg har vore med og sett på. Men vi har også gått på nokre solide tryningar der nede, seier Flo.

Desse spelarane startar mot Odd Grenland:

Joe Bendik, Mats Solheim, Isak Scheel, Even Hovland, Per Egil Flo, Taijo Teniste, Ørjan Hopen, Henrik Furebotn, Tonny Brochmann, Eirik Bakke og Ole Jørgen Halvorsen.

På benken sit Kenneth Udjus, Vegar Gjermundstad, Thomas Ness, Espen Næss Lund, Tore André Flo, Ulrik Flo og Gustav Valsvik.