Hopp til innhold

"Væpna" til solformørking, men kan bli skuffa

– Eg tar ikkje telefonen fredag klokka 1050 uansett, seier astrofotograf Runar Sandnes.

Runar Sandnes

SPENT: Berre timar før solformørkinga skjer, veit ikkje astrofotografen kvar han skal satse på å få med seg hendinga.

Foto: Runar Sandnes

Trass i at vêrutsiktene legg ein dempar på forventningane til astronomi-interesserte, så er det alltid håp om å få med seg fredagens solformørking.

– Eg kjem til å pakke alt fotoutstyret slik at det er klart, så vil eg sjekke vêrmeldinga og satellittbilete for å finne ut kvar det er størst sjanse for å få med seg solformørkinga, seier Runar Sandnes.

Sjå solformørkinga direkte frå Longyearbyen!

Solformørkelse

SJELDAN SYN: Det er 46 år til neste totale solformørking.

Foto: Sayyid Azim / Scanpix/AP

Håpar på flaks

Runar Sandnes er Sogn og Fjordane sitt svar på Knut Jørgen Rød Ødegaard. Sandnes er både hobbyastronom og astrofotograf. Han reiser ein eller annan plass for å få med seg hendinga.

Hva er solformørkelse

KVA SKJER?: Her kan du sjå korleis månen dekkjer sola.

Foto: Grafikk: Marco Vaglieri / NRK

– Eg må nok håpe på ei sprekk i skylaget, og ha rikeleg med flaks. Så eg veit ikkje kvar eg kjem til å vere under solformørkinga.

Solformørkinga er venta å var i to timar frå start til slutt og vere sterkast fredag rundt klokka 10.50.

– Då vil rundt 94 prosent av sola vere formørka av månen.

Solformørkelse på Svalbard

VIDEO: Følg solformørkinga frå Svalbard.

Må beskytte auga

Sandnes fortel ivrig at diameteren på månen er 400 gongar mindre enn diameteren på sola. Men fordi sola er 400 gongar lengre vekke enn månen akkurat fredag så skjer solformørkinga, og då er den total.

Elevar ved Jostedalen skule

JOSTEDALEN SKULE: Heile Jostedal skule har budd seg godt til solformørkinga. Der har heile skulen gått til innkjøp av solformørkingsbriller.

Foto: Privat

– Skulle folk få med seg ei solformørkinga gjennom ei glipe i skylaget er det viktig at dei beskyttar auga sine.

Håpar folk ikkje blir skuffa

– Mange spør om ikkje vi vil sjå formørkinga uansett sidan det er så lyst om dagen. Men auget vil kompensere for lysforholda, og vi vil kanskje berre merke det som ein sky- og regntung dag, seier Sandnes som kan alt om å bygge forventningar og bli skuffa.

– Eg håpar dei mange som har gått rundt og gleda seg til å få med seg si første solformørking ikkje blir skuffa. Det er synd å gå glipp av eit slikt minne.

Han veit at når ein først har opplevd ei slik formørking så sit det som prenta.

– Du lever så lenge på det minnet så då lærer ein seg å ha is i magen som no når det kjem ein ny sjanse.