To 19-åringar frå Naustdal vart i går dømde til eitt og tre års fengsel for vald og truslar mot Arve Beheim Karlsen. I dommen kjem retten med klar kritikk av politiet sitt arbeid, og skriv rett ut at denne saka må vere eit interessant studieobjekt når det gjeld organisering og kvalitetssikring av arbeidet i ei alvorleg kriminalsak.

Statsadvokat Jan Hoel
Bistandsadvokat Gunnar Solbraa meiner også statsadvokaten må anke saka, fordi begge 19-åringane vart frifunne for brot på rasismeparagrafen. Solbraa meiner frifinninga er basert på feil grunnlag.

Tor Erling Staff
Mykje tyder også på at 19-åringen som vart dømd til tre års fengsel vil anke dommen. Forsvarer Tor Erling Staff meiner straffa er for streng, og NRK Sogn og Fjordane snakka i dag med familien som også reagerer på straffeutmålingen.