Denne veka ser det ut til at vêret slår om. Tidlegare i mai har vêret vore kaldt og hustrig mange stadar i Sør-Noreg. Mange stader snø så seint som i helga. Aller mest kom i Møre og Romsdal. Der var det lokalt over 30 cm nysnø sist veke.
Men no skal vêret altså snu. Den kalde lufta som har kome frå nord dei siste vekene, må vika til fordel for eit svakt høgtrykk sør i landet.
Frå tysdag av er bygeaktiviteten i Sør-Noreg svekka, og det kjem truleg ikkje regn sør for Dovre.
– Me kan ikkje heilt utelukka nedbør onsdag kveld i Rogaland og Vestland, men det blir forsvinnande lite om det kjem, seier vakthavande meteorolog i Meteorologisk institutt, Per Egil Haga.
Det er meldt mykje sol, men ikkje så store endringar i temperaturane. Den held seg førebels relativt låg. Onsdag forsterkar lågtrykket seg, før temperaturane stig torsdag.
SOL OG SOMMAR: Denne veka vert det varmare i vêret att. Her frå bading i Oslofjorden tidlegare i år.
Foto: Anette KarlsenSol og varmt Kristi himmelfartsdag
Både aust og vest for fjella blir det sol og varmare temperaturar torsdag. Varme luftstraumar frå sør er med på å auka temperaturane.
Dei beste utsiktene er det i Trøndelag. Der kan temperaturane enkelte stadar fredag koma opp mot 20 grader. Mange andre stadar i Sør-Noreg blir temperaturane truleg over 15 grader både torsdag og fredag.
På Kristi himmelfartsdag blir det sol i store deler av Nord-Noreg. Der vil truleg temperaturane stigar et par grader denne veka.
Vestlandet har kanskje dei dårlegaste utgangspunktet Kristi himmelfartsdag. Det kjem an på kor mykje sol som faktisk kjem.
Fredag kveld og tidleg på laurdag kan det heile likevel vera over. Då kjem eit nytt lågtrykk. Det fører til lågare temperaturar og meir skyer sør i landet. Det er likevel ikkje mogeleg at det kjem snø i låglandet att.
Svært kald mai
Til no har det vore mykje kaldare enn kva som er normalt i mai. Det viser alle målestasjonane til Meteorologisk institutt i heile Noreg. Aust i landet har det gjerne vore 3-5 grader kaldare enn normalt, og vest for fjella har det typisk vore 3-6 grader kaldare enn det som er vanleg.
KALD FEIRING: Det var snø på Knaben i Agder på 17. mai i år. Snøen kjem nok ikkje att på denne sida av sommaren.
– Det er ganske betydeleg, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga.
På Austlandet har det dessutan vore tørrare enn det pleier å vera i mai. På Vestlandet har det vore om lag så vått som vanleg dei siste vekene. Det gjeld særleg nord for Stad.