Store delar av Sør-Noreg har allereie opplevd fine sommardagar, med temperaturar over 20 grader.
Det er likevel berre ein forsmak på kva som er i vente.
I løpet av dei neste dagane vil fleire stadar på Austlandet kunne vente seg temperaturar opp mot 30 grader, ifølge vakthavande meteorolog, Julie Solsvik Vågane.
– Eg skal ikkje seie sikkert at det blir akkurat 30, men det blir opp mot dei temperaturane, seier ho.
Dermed er det ikkje utenkeleg at det kan bli årets første tropedag, det vil seie temperaturar på minst 30 grader.
Den siste veka har det vore årets første høgsommardag fleire stadar i Sør-Noreg, det vil seie at det har vore 25 gradar eller varmare.
– Har sommaren kome for fullt no?
– Ja, det kan vi seie.
Badesesongen er allereie i gong i Drøbak. Meir skal det bli.
Foto: Laila WilhelmsenDenne helga har det vore liknande temperaturar som i Barcelona og Nice enkelte stadar. Nesbyen i Viken hadde til dømes dagtemperatur på 25, 1 grader.
Dei siste åra har det vore tilsvarande varmeperiodar i juni. Også i 2018 kom varmen med full styrke i juni i Oslo, med tropenatt og temperaturar over 30 grader.
– Det unormale har blitt meir normalt, seier Vågane.
Sol i vest – kaldt i nord
Også vestlendingane vil få mykje sol og fint ver den neste veka, sjølv om temperaturane blir noko lågare enn på Austlandet.
– Det er vanskeleg å konkurrere med dei temperaturane.
Voss i Vestland hadde til dømes 23,6 grader søndag og det gode vêret skal halde seg utover veka.
I Ulvik i Hardanger er det sommarstemning.
Foto: Bodil Helen HøylandVerskiljet kjem i Trøndelag, der det blir betydeleg kjøligare lenger nord.
Meteorologen seier Trøndelag ligg i skiljet, med korkje spesielt bra eller dårleg ver, medan det blir meir nedbør og kraftigare byer lenger nord.
I Finnmark ligg snøgrensa no på 300 til 500 meter. Også i Nordland kan det kom snø over 500 til 700 meter.
Det betyr at bilistar bør vere merksame på glatte vegar dersom dei skal køyre i høgda, på ulike fjellovergangar.
«Trøysta» for nordlendingane får vere at varmen truleg kjem til helga.
– Det kjem ein slags nordnorsk sommar, i alle fall slik det ser ut no.
Nyt sommaren
Studentar ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal set stor pris på sola og varmen som kjem no, trass i at dei er midt i ein hektisk eksamensperiode.
– Det er deilig det! Eg gler meg veldig til sommaren. Eg går i dvale på vinteren, seier Anders Leonard Wøien.
Studentar i Sogndal er glade for sola trass i at dei er midt i eksamensperiode. På bildet er Anders Leonard Wøien, Vilde Følgesvold Lovra, Julie Enoksen Arntzen, Marko Borojevic.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKStudentane som NRK møter studerer landskapsplanlegging. Det betyr at dei faktisk får vere ute ein del under gruppeeksamen, som delvis går føre seg i ein park.
– Det er deilig, vi kan styre det litt sjølve. Då kan vi vere ute enda meir, seier Vilde Følgesvold Lovra.
Stor skogbrannfare
Dei siste dagane har varsel om skogbrannfare blitt gradvis utvida. Måndag vart tidlegare varsel ytterlegare utvida til å inkludere delar av Rogaland og sørlege del av Hordaland.
Delar av Austlandet, Agder og sørlege delar av Rogaland har no oransje farevarsel, ifølge varsom.no.
Kartet for skogbrannfare vart oppdatert måndag. Skjermdump frå varsom.no.
Foto: Skjermdump / Varsom.noDet er også gult farevarsel andre delar av Sør-Noreg.
– Dei høge temperaturane er hyggelege for folk som skal bade og kose seg i sola. Men med tanke på vegetasjonen som berre blir tørrare og tørrare så er det uheldig at vi får ein så lang tørkeperiode.
Det er ikkje usannsynleg at det kjem varsel om skogbrannfare for nye område dei neste dagane.
– Gamalt gras frå vinteren er særs tørt og lettenneleg. Då skal det lite til at det tek fyr, rett og slett.