Hopp til innhold

Soknerådsleiar skjemd over motstand

Leiar Oddbjørg Råket i soknerådet i Bremanger forstår ikkje den sterke motstanden mot asylmottaket.

Svelgen
Foto: Aage Kvendseth

Selskapet Lopex har levert inn anbod til Utlendingsdirektoratet om å starte mottak for 90 asylsøkjarar.

Kraftige protestar hjå lokalbefolkninga toppa seg med ei underskriftsliste mot planane.

- Eg skjemst

Det reagerer soknerådsleiar Råket kraftig på.

- Det er mest slik at eg skjemst når eg les om dette. Dersom vi levde under uverdige forhold i krigsherja land, så ville også vi prøvd å kome oss vekk, seier ho og ikkje ser andre årsaker enn rasisme og framandfrykt.

- Ikkje rasisme

Lopex planlegg å busetje 90 asylsøkjarane i Kalvåg, Bremangerbygda og Davik. Andrew Leknessund, ein av initiativtakarane bak underskriftsaksjonen, avviser at motstanden til mottaket er motivert av rasisme og framandfrykt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Det er at det skal integrerast og vi har ikkje arbeid til dei. Vi har ikkje ressursar i denne kommunen til å ta oss av vanskelegstilte som kjem i frå krigsherja kommunar, seier han.

- Ta imot dei

Sokneprest Tore Myklebust oppmodar innbyggjarane til å ta imot asylsøkjarane på best mogleg måte.

- Dei aller, aller fleste er heilt vanlege folk som trenger vår hjelp, omsorg og omtanke, seier han. UDI Region Vest skal innan utgangen av månaden avgjere om det blir asylmottak i Bremanger.