Sokneprest Bruun går av

Mikael Bruun trer av som sokneprest i Stedje og Fjærland sokn. Det skriv biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug i ei pressemelding.

Arbeidsforholdet blir avslutta på frivillig grunnlag.

Mikael Bruun har vore ein omstridd prest ettersom han ikkje ville halde nattverd eller gudsteneste med kvinnelege kollegaer.