Hopp til innhold

Søkjartala stuper: «Distrikt-stipend» kan vere løysinga

Søkjartala til distriktshøgskulane reiser spørsmål om eit eige «ulempetillegg» for sjukepleiarstudentar i Bygde-Norge.

Vilde og Anna er sjukepleiestudentar ved Høgskulen på Vestlandet.

VILDE OG ANNA: Mange «oppdagar» Distrikts-Noreg via studiar og buset seg på same stad ved enda utdanning.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Meir stipend vil gjere det lettare for oss å ha meir fokus på skulen og gje meir tid i praksistida, seier sjukepleiarstudent Anna Rock.

Til nyttår er ho ferdigutdanna på sjukepleiestudiet i Førde ved Høgskulen på Vestlandet.

– Innimellom er eg på jobb sju dagar i veka, så ekstra stipend hadde vore veldig greitt, seier ho.

Saman med Vilde Sægrov går ho motstraums når ho har vald ei sjukepleiarutdanning «ute i provinsen».

Tal frå Samordna opptak viser at 27 av 38 sjukepleiarstudium ikkje har fylt opp plassane i årets opptak. I alt har norske høgskular delt ut 11,2 prosent færre studieplassar enn i fjor.

På Høgskulen på Vestlandet står 130 studieplassar tomme ved avdelingane på Stord og i Førde.

Studentane angrar ikkje på valet

– Vi treng fleire sjukepleiarar så det er rett og slett berre trist, seier Anna Rock om søkjartala.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Funn viser kor viktig studiestad er for vidare arbeidsstad, og at desentralisert utdanning aukar sjansen for at sjukepleiarane vert buande i distrikta også etter ferdig utdanning.

Når søkjartala til distriktshøgskulane stuper, er det difor også eit spørsmål om rekruttering og busetting i distrikta.

Ifølge NAV si bedriftsundersøking manglar Noreg 4650 sjukepleiarar og 600 spesialsjukepleiarar.

Les også Leder av regjeringsutvalg advarer: – Distrikts-Norge kan bli et gamlehjem

Andenes by

Vil gje meir stipend

– Nedgangen i søkarar til sjukepleie er spesielt alvorleg. Det er eit stort behov for arbeidskraft i helsesektoren.

Det seier Anne-Grethe Naustdal, som er prorektor for Utdanning ved Høgskulen i Vestland.

Ho vil gi meir i stipend til dei som tek sjukepleiarutdanninga i distrikta.

– Når byane opplever lågare søkartal og ledige studieplassar, blir det ekstra merkbart i distrikta, seier Naustdal.

Ho er ein del av Helsepersonellkommisjonen, som har sett på tiltak for å utdanne, rekruttere og behalde personell i helse- og omsorgstenestene kort og lang sikt.

I februar leverte dei si utgreiing, som er ute på høyring.

– God rekruttering til sjukepleiarutdanninga i Førde har vore viktig, også for kommunane omkring, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Om fleire studentar graviterer mot dei større byane, er Varden redd for at det «tapper» distrikta for framtidige sjukepleiarar

– Viss vi då heller ikkje får studentar frå andre stader i landet, så gir det ein ekstra grunn til uro med tanke på framtida, seier Varden.

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, framfor Førde sentralsjukehus.

Både nabokommunar og Helse Førde vil merka at færre søker til sjukepleiarutdanninga i Førde, meiner administrerande direktør Arve Varden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Distriktsutdanningane er viktige

– Dette er noko som politikarar, regjering og arbeidsgjevarar må merke seg. Dei må skape løns- og arbeidsvilkår som gjer ein i stand til å rekruttere til sjukepleiaryrket, seier Lill Sverresdatter Larsen, som er forbundsleiar i Norsk Sykepleierforbund.

Les også Full strid om sjukepleiarar er løysinga på fastlegekrisa

sykepleiere radium illustrasjonsfoto

Mest merkbart er nedgangen i søkjartal i distrikta, sjølv om også fleire storbyar har ledige plassar i år.

– Dei desentraliserte utdanningane er kjempeviktige. Dei som vel å ta utdanninga på nye stader ser kor fint der er og blir kanskje verande.

Lill Sverresdatter Larsen, leder Norsk Sykepleierforbund

Vil ha betre løns- og arbeidsvilkår for sjukepleiarar.

Foto: Eirik Ramberg / NRK