Hopp til innhold

Søket etter sakna 35-åring avslutta for kvelden

Mannskap frå Røde Kors, politiet og mannskap frå Norske Redningshunder har heile laurdag søkt etter den sakna Per-Arne Hestenes i Breim. Også i dag utan resultat.

Raude Kors skal gå manngard i Gloppen

LEITAR: Mannskap frå Røde Kors held fram leitinga etter den sakna 35-åringen laurdag. Her frå leitinga på fredag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi er i ferd med å avslutte for kvelden. Vi har gått manngard. Det har vore godt organisert og grundig, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, til NRK klokka 16.45.

Søket vil halde fram søndag morgon, i området frå Skrøppavegen mot E39 til Reed.

– Det er litt igjen som skal gjerast i morgon. Vi startar der vi gir oss i dag klokka 09.00 i morgon, og vil gjere oss ferdige ned til E39, seier lensmannen.

Førebels er ikkje planane lagde for kva som skjer vidare når det noverande søkeområdet er gjennomgått.

– Nei, det tek vi i morgon, seier lensmannen, som skryt over svært mange frivillige i bygda som har vore med i søket laurdag.

Store styrkar leitar

– Det er 26 personar frå Røde Kors som deltek i leiting, i tillegg til mannskap frå Norske Redningshunder og to politifolk, sa lensmann Roset laurdag føremiddag.

35 år gamle Per-Arne Hestenes har vore sakna i ei veke. Sist nokon hadde kontakt med han var etter eit trafikkuhell ved Øvresetsvingen på Fylkesveg 60 mellom Byrkjelo og Utvik. Leitemannskap søkte etter han over store område fredag, og laurdag held ein fram leitinga.

– Det blir søkt i same området no. Vi må vere sikre på om han er i dette området eller ikkje, seier Roset.

Det er spesielt i området frå Skrøppavegen mot E39 til Reed politiet og leitemannskapa no konsentrerer seg om.