Hopp til innhold

Søker etter sakna person i sjøen

Politi og to redningsskøyter leiter etter ein sakna person i strandsona langs Langenuen sør for Sandvikvåg på Stord. Det er den sakna bilføraren frå utforkøyringa på same stad i går det blir søkt etter, melder Sør-Vest politidistrikt. Det var måndag klokka 18:30 at politiet rykka ut til ein utforkøyring på E39. Då politiet kom til staden var bilen tom og politiet starta ein leiteaksjon med blant anna politihundar for å finne føraren. Søket vart avslutta i går kveld utan funn, men starta opp igjen i dag. No opplyser politiet i Sør-Vest at etterforsking og vidare vurdering i løpet av dagen har ført til at dei starta nye søk i kveld. Klokka 23:00 melder politiet at det ikkje er gjort nokre funn i søket.