Hopp til innhold

Sognekraft vil ut av vindkraft

Sognekraft vil ikkje satse vidare på vind, og vil kvitte seg med eigarposten i Vestavind Kraft.

Plan for vindmøller på Lutelandet

VI UT AV DETTE: Sognekraft vil ikkje vere med på å byggje vindkraftpark på Lutelandet.

Årsaka er at dei ser langt betre lønsemd i vasskraft.

Styreleiar i Vestavind Kraft, Ola Lingaas, seier det blir utfordrande å finne pengar til prosjekta.

– Det å skaffe både eigenkapital og framandkapital til å finansiere vindkraftprosjekt er ikkje blitt lettare dei siste åra.

(Artikkelen held fram under biletet).

Sognekraft-nybygget i Vik 2011

SATSAR PÅ VASSKRAFT: Sognekraft med hovudbase i Vik vil prioritere vasskraft.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vasskraft og BKK-aksjar

Terje Bakke Nævdal

SATSAR PÅ BKK-AKSJAR: Adm. dir. Terje Bakke Nævdal i Sognekraft.

Foto: Bjørn Bergum

Og no flaggar altså Sognekraft som eig 10 prosent av Vestavind kraft at dei ikkje ynskjer å satse vidare på vind, seier administrerande direktør Terje Bakke Nævdal i Sognekraft.

– Det er ei prioritering som Sognekraft har gjort. Vi har mykje vasskraft som vi ynskjer å byggje ut, samstundes som vi har ein intensjon om å kjøpe aksjar i BKK. Samla sett blir det eit kapitalbehov som gjer at vi må prioritere ulike forretningsområde.

Harry Mowatt

GIR IKKJE OPP VINDKRAFTA: Styreleiar Harry Mowatt i Sunnfjord Energi.

Foto: NRK

Sunnfjord Energi held stand

BKK, som er største eigar i Vestavind, har også signalisert mindre interesse. Men Sogn og Fjordane Energi har ikkje planar om å gå ut av vind. Det har heller ikkje Sunnfjord Energi, opplyser styreleiar Harry Mowatt.

– Det er rett og slett fordi vi har eit aktuelt prosjekt på Lutelandet i Fjaler, så har vi Sulakraft der vi har interesser på vent. Der har Solund kommune avvist utbygging, men det kan tenkjast at saka kjem att ein gong.

Ikkje slik dei hadde tenkt

Men også han vedgår at vindkraft ikkje er blitt det dei hadde tenkt.

Lingaas seier årsaka til at dei framleis satsar på vind er at prosjekta deira er gode. Men han konstaterer at både dårleg kapasitet i straumnettet og tidkrevjande konsesjonsprosessar har dempa interessa.

– Samstundes har vi ei prisutvikling på kraft som ikkje har vist den same auken som vi hadde for nokre år sidan, så difor er folk meir nøkterne til sjansane til å få forsvart investeringane sine.

Kake for vindmøller på Lutelandet

IKKJE LIKE GJEVT LENGER: Det vart feira med kake då Vestavind fekk konsesjon til utbygging av vindkraft på Lutelandet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK