Sogndalkarrieren kan gå mot slutten
Ruben Holsæter (25) har berre spelt 55 minutt seriefotball i år. Han fryktar at det ikkje blir så mykje meir spel i sogndaldrakta, skriv Firda. I søndagens kamp mot Strømsgodset, som drammensarane vann 1–0, fekk Holsæter eit innhopp på tolv minutt. Sogndal-trenar Eirik Bakke seier at ei endeleg avklaring nærmar seg, men at eleven hans må vere tolmodig.