Ahyee Aye Elvis og Torgeir Hoås skåra kvart sitt mål for Sogndal i første omgang. Det tredje målet var eit sjølvmål frå Hødd i andre omgang.
- Dette smakte godt. Vi varierer i prestasjonane våre, men i kampen mot Hødd framstår vi på ein profesjonell måte. Alle mann jobba godt, og det lovar godt framover, seier Sogndal-trenar Stig Nord.
På fjerdeplass
Etter sigeren har Sogndal 15 poeng, og ligg med det bare eitt poeng bak Bryne på tredjeplass og fem poeng bak Strømsgodset på andreplass. Dei tre poenga gjer at Sogndal framleis heng med mellom topplaga.
- Desse tre poenga er viktige. Vi vinn nok ein bortekamp og det er viktig for oss mentalt sett. No må vi konsentrere oss om å heve prestasjonane våre, for vi svingar mykje, seier han.