Hopp til innhold

Sogndal ute av cupen

Nest- Sotra trekte det lengste strået og sende eliteserieklubben Sogndal ut av cupen.

Nest-Sotra slo Sogndal 1-0.

– Nest-Sotra vann fullt fortent. Dei sprang mest, ville mest og spelte best fotball. Er du ikkje god nok så fortener du ikkje å gå vidare i cupen, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Ein skuffa Sogndal-trenar må berre innsjå at det var 2. divisjons-klubben Nest – Sotra som vart dei sterkaste i oppgjeret på Ågotnes.

Laster innhold, vennligst vent..

Troll i ord

Før kampen gjekk Nest-Sotra-trenar Steffen Landro høgt ut og nærast lova heimesiger

Eg blir rett og slett skuffa om vi ikkje slår Sogndal , sa ein skråsikker Landro.

Og det skulle gå troll, etter 73 klinka Kittiphong Pluemjai inn det som skulle bli det einaste målet i kampen og sørga dermed for at eliteserielaget Sogndal måtte reise heim med halen mellom beina.

– De tapar fullt fortent mot eit 2. divisjonslag, korleis er det mogleg for eit lag i eliteserien?

– Vi var no i OBOS-ligaen begge i fjor. I cup veit vi at alt kan skje. Tape fotballkampar må vi tole, men måten det skjer på tykkjer eg er for dårleg. Då fortener vi heller ikkje å gå vidare i cupen, seier Bakke.

Nøgd målscorar

Men ein som har all grunn til å vere nøgd er Kittiphong Pluemjai som sørga for at Nest-Sotra er vidare i cupen.

– Backen vår, Petter Martinsen, får ballen ut på kanten og slå ein lang ball inn på bakarste. Då luskar eg meg bak og vippar den inn, seier Pluemjai.

– Korleis tykkjer du forskjellen i nivået er på andredivisjon og eliteserie?

– For å vere heilt ærleg så tykkjer eg ikkje forskjellen var så stor. Til tider så synest eg vi har mykje ball og dominerer litt.

– Og no må folk heime på Sotra bestille hotellrom i Oslo i november?

– Det må dei for vi skal til Ullevål, seier Pluemjai.