Hopp til innhold

Sogndal utan Dale og Bolseth

Verken toppscorar Tarjei Dale eller kaptein Rune Bolseth er med når Sogndal entrar Melløs stadion i Moss søndag.

Espen Olsen og Tarjei Dale

Tarjei Dale, i midten, spelar ikkje oppgjeret mot Moss. Espen Olsen (t.h.) tek truleg over spissplassen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Tarjei fekk ein lyskestrekk på treninga fredag, og er ikkje med, stadfestar assistenttrenar Ole Hjelmhaug.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TABELLEN)

Toppen av 1. divisjon

Plass

Lag

Kampar

Sigrar

Uavgjort

Tap

Målskilnad

Poeng

1

Kongsvinger

28

17

2

9

50-34

53

2

Hønefoss

27

15

7

5

54-30

52

3

Haugesund

27

15

4

8

54-37

49

4

Sogndal

27

13

10

4

42-28

49

5

Sarpsborg 08

27

14

5

9

46-35

44*

 

* Trekt tre poeng

 

 

 

 

 

 

Olsen frå start?

Sogndal er i Moss for å sikre seg tre nye poeng. Som venta er ikkje Rune Bolseth med på turen etter hjerneskakinga han fekk i oppgjeret mot Løv-Ham sist helg. Heller ikkje Tarjei Dale, som er toppscorar med sju mål, er å finne i troppen. Med er derimot Kenneth Kvalheim som spelar for Sogndal på lån frå Moss.

- Det er klart Tarjei blir eit sakn. Han er ein målscorar og har gjort både gode innhopp og gode kampar. Men slik er det i fotball. Vi lever med skader, og det opnar for at andre kan få prøve seg, seier Hjelmhaug.

Ulrik, Elvis eller Anders

Medan Dale truleg blir erstatta av Espen Olsen, er det førebels uvisst om Elvis, Anders Stadheim eller Ulrik Flo tek over plassen til kaptein Rune Bolseth sentralt på midtbana.

- Det blir ei ny komponering av midtbana, men eg trur vi skal løyse det på ein god måte, seier Hjelmhaug.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Moss er gode heime

Karl Oskar Emberlandhar sagt at Sogndal må vinne i Moss. Sogndal er det nest beste bortelaget i divisjonen, og har vunne 11 av dei 25 siste oppgjera mot Moss. Sogndal er førebels fire poeng bak leiar Kongsvinger. På Melløs har Sogndal vunne 3 av dei 12 siste kampane. Sogndal har att tre kampar av sesongen.

- Det blir ein vanskeleg kamp. Moss er gode heime, men vi må vinne dei siste kampane for å henge med. Vi må prestere og ha tre poeng, seier Hjelmhaug.

Poenga viktigast

- Er det slik at poenga no er viktigare enn måten de får dei på?

- Det kan ein godt seie, svarar Hjelmhaug.

Sogndal la om til 4-4-2 mot Løv-Ham sist. Truleg blir det same formasjon også mot Moss. Heimelaget er før kampen nummer åtte på tabellen.

Innbyrdes oppgjer Sogndal - Moss

År

Heimelag

Bortelag

Resultat

Målscorarar Sogndal

2009

Sogndal

Moss

2-1

Henrik Furebotn, Daniel M. Lubieniecki

2008

Moss

Sogndal

1-1

Espen Olsen

2008

Sogndal

Moss

2-2

Mats Solheim, Even Hovland

2007

Moss

Sogndal

2-1

Daniel M. Lubiniecki

2007

Sogndal

Moss

2-0

Barry Kader, Håvard Flo

2006

Moss

Sogndal

0-2

Håvard Flo, Kim-Rune Hellesund

2006

Sogndal

Moss

1-0

Håvard Flo

2005

Sogndal

Moss

1-0

Tommy Øren

2005

Moss

Sogndal

2-2

Kim-Rune Hellesund, Terje Flugheim

2002

Sogndal

Moss

0-4

 

2002

Moss

Sogndal

3-3

Håvard Flo, Dag Christian Sørum (2)

2001

Sogndal

Moss

3-1

Håvard Flo, Alexander Ødegaard, Christian Kalvenes

2001

Moss

Sogndal

1-2

Dag Christian Sørum, Rune Bolseth

1998

Sogndal

Moss

4-3

Tommy Øren (2), Bjørn Tore Hansen, Rune Buer Johansen

1998

Moss

Sogndal

1-1

Ørjan Christiansen

1995

Sogndal

Moss

0-1

 

1995

Moss

Sogndal

2-2

Tom Freddy Aune, Rune Buer Johansen

1993

Moss

Sogndal

3-0

 

1993

Sogndal

Moss

3-2

Jostein Flo, Tore André Flo, Asle Hillestad

1989

Moss

Sogndal

2-3

Steinar Hopen, Stig Nord, Asle Hillestad

1989

Sogndal

Moss

0-0

 

1988

Sogndal

Moss

0-4

 

1988

Moss

Sogndal

1-0

 

1982

Moss

Sogndal

2-1

Lasse Opseth

1982

Sogndal

Moss

2-1

Jermund Skartun, Svein Bakke

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  Kjelde: Nifs.no/sogndalfotball.no

Ekspander/minimer faktaboks