Hopp til innhold

Sogndal-trenaren reagerer på at lokal dommar fekk jobben

STAVANGER (NRK): Eirik Bakke meiner fotballdommarane bør gjere som spelarane – reise dagen før til kampane.

Eirik Bakke

USERIØST: Sogndal-trenar Eirik Bakke er lite imponert over at hovuddommaren ikkje kom seg til Stavanger før tida, og at ein lokal dommar måtte trå til i oppgjeret mellom Viking og Sogndal. – Det betyr vel at Tommy Skjerven kan dømme Sogndal, sjølv om han dømmer for Kaupanger, undrar Bakke.

Foto: Christian Blom

– Eg skulle visst reaksjonen om vi ikkje kom oss på kamp. Det er utruleg frustrerande når vi jobbar så hardt heile gjengen for å komme oss tilbake i Eliteserien, medan fotballforbundet tek så lett på det og set opp ein lokal dommar, seier Eirik Bakke.

Flytrøbbel stogga dommar

Sogndal-trenaren vart lite imponert over dommarendringa som møtte han ved framkomst SR-Bank Arena i Stavanger i dag. Hovuddommar Steinar Hauge kom seg ikkje frå Bergen grunna flytrøbbel.

Dermed fekk fjerdedommar Mischa Kellerhals frå Bryne debuten i 1. divisjon.

– Det hadde vore noko anna med sjukdom eller skade, men når ein ikkje kjem seg til kamp, så blir det for useriøst, seier Bakke og meiner det sette den lokale dommaren i ein vanskeleg situasjon.

– For guten sjølv kan det ikkje vere berre berre å bli kasta innpå ein slik kamp, der det står så mykje på spel, seier Bakke.

– Bør reise dagen før

Laga kjempa om viktige poeng i opprykkskampen. Bakke seier han ville tatt opp problemstillinga uansett resultat. Viking vann 2–0.

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi brukar så mykje tid og økonomi på å komme oss ned dagen før, og det bør også dommarane gjere, seier han.

Eliteserien i fotball 2017: Vålerenga-Sogndal. (3-0)

SJELDAN: Dommarsjef Terje Hauge seier det er beklageleg at dommarar ikkje kjem til kamp, men at det skjer ein til to gonger i året. – Men når det først skjedde i dag, så er Mischa meir enn god nok for 1. divisjon. Han har hatt ein glimrande sesong i PostNord-ligaen, seier Hauge.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Dommarsjef Terje Hauge seier forbundet vart klare over at hovuddommaren ikkje ville nå fram to timar før avspark. Flyet i 10-tida vart kansellert, medan flyet i 13-tida vart forseinka.

Hauge seier at dommarar som reiser på kampdag, skal ha ein flyavgang i «back-up». Dei som ikkje har det, må reise kvelden før.

– Eit godt innspel

Dommarsjefen meiner likevel at Bakke har eit godt innspel når han meiner dommarane bør reise til kamp dagen før.

– Vi må diskutere om det er rutinar vil bør innføre på hausten, men dette handlar om kostnad og tid, seier Hauge.

Han avviser påstandane om at fotballforbundet tek lett på dommargjerninga i 1. divisjon, og viser til at både eliteserien og førstedivisjon har av dei beste lokale dommarane frå nivået under som fjerdedommarar.

– Skal ein fly inn fleire dommarar frå andre kretsar, så blir det ein ekstrakostnad for klubbane ettersom dei betalar dommarane, seier Hauge.

– Følgde retningslinene

Kellerhals ynskjer ikkje å kommentere problemstillinga Bakke reiser, utover at NFF følgde retningslinene for dommarar. Han vil heller ikkje kommentere avgjerda om å la spelet gå då Eirik Schulze vart hekta og gjekk i bakken innanfor 16-meteren. Då leia Viking 1–0.

Bakke er klar på at det var straffe. Det er likevel heile situasjonen som irriterer Sogndal-trenaren mest.

– Eg skal diskutere med Håvard Flo (sportsleg leiar, red. anm.) korleis vi tek dette vidare. Det kan ikkje vere lokale dommarar i ein toppkamp, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..