Hopp til innhold

Sogndal-trenar refsar pressa

Sogndal-trenar Jonas Olsson refsar pressa etter oppslag om at to spelarar hadde ein fuktig kveld på byen.

Olsson
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndalstrenaren likar ikkje all omtalen og meiner pressa har vore i overkant kvasse mot spelarane hans.

– Ei lita lokalavis har fått unødvendig mykje merksemd med ein artikkel med fleire faktafeil, sa han på direktesendt TV før kampen i går.

På Twitter svarar Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal på kritikken med å skrive at «Då tek Olsson steget opp i klasse med komiske Ali ...»

Det var Sogn Avis som først hadde saka om dei to spelarane som måtte stå skulerett for Sogndal-leiinga etter å ha vore synleg rusa under fire dagar før kampen mot Vålerenga. Trenaren sa til avisa at klubben reagerer sterkt på det som skjedde og han var overraska og skuffa.

Sogndal står med begge beina planta i nedrykksstriden etter at laget i går tapte 1–2 mot Vålerenga på Fosshaugane.

Olsson trur ikkje saka har påverka prestasjonane på bana, men seier det er uheldig at spelarane har blitt hengt ut med namn og bilete i landsdekkjande presse og at det skadar privatlivet til spelarane.