Sogndal-trenar ber om pengar

Skadekrisa i Sogndal Fotball gjer at trenar Eirik Bakke kjem til å be klubbleiinga om pengar til spelarkjøp i sommar. Det seier han til Sogn Avis. Sogndal tapte 1–0 heime mot Lillestrøm søndag og hadde ingen skot på mål. Laget ligg sist i serien og har fleire nøkkelspelarar skada.

Eirik Bakke på benken under Fjøra-Sogndal
Foto: Arne Stubhaug / NRK