Hopp til innhold

Sogndal tok sitt første cupgull

Cupeventyret fekk ein lukkeleg slutt for Sogndal, som endeleg kan krone seg med tittelen noregsmeister.

CUPFINALE G19: ROSENBORG - SOGNDAL

GULL: Sogndal G19 er ein historisk gjeng. Dei tok Sogndal sitt første cupgull.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Gutane imponerte meg med spelestilen sin. Det er ein fantastisk gjeng som vann på grunn av laginnsatsen, seier trenar Håvard Hatle.

Det stod 1–1 etter full tid, og juniorfinalen mellom Sogndal og førehandsfavoritt Rosenborg gjekk heilt til ekstraomgangar. I andre ekstraomgang fekk Sogndal straffe, og Akor Jerome Adams kunne sende Sogndal trygt i leiinga.

Det tok ikkje lang tid før Adams skulle komme med si tredje skåring for dagen. Kampen enda 3–1. Til slutt var det ingen tvil - gullet skulle heim til saftbygda og ikkje til bartehovudstaden.

For Hatle var dette siste kampen som trenar.

– Då er greitt å avslutte med gull, seier ein rørt trenar.

Akor Jerome Adams blei kåra til kampens beste spelar, og var frå seg av glede over sigeren.

– Det er fantastisk. Ein skikkeleg bra laginnsats, seier Adams.

CUPFINALE G19: ROSENBORG - SOGNDAL

TRE: Akor Jerome Adams kunne glise breitt for sine tre mål i gullkampen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Ein må tilbake til 1976 for å finne sist eit lag frå Sogn og Fjordane var med i ein cupfinale. Då var det Sogndal mot Brann, ein kamp der Brann tok gullet «hem».

No skal gullgutane til Sogndal måle krefter mot store europeiske klubbar.