Hopp til innhold

Sogndal til himmels

Sogndal leverte årsbeste i fyrste omgang og vann 3-1 over erkerival Brann etter to skåringar av Malik Mane.

Sogndal - Brann

STERK. Azar Karadas og Malic Mane sytte for at Sogndal stakk av med sigeren på Fosshaugane søndag til stor jubel frå heimepublikummet.

Foto: NRK

Det var i periodar einvegskøyring mot Brann-målet på Fosshaugane Campus søndag kveld

Sogndal-spelarane leverte årsbeste i vestlandsderbyet mot erkerivalen frå Bergen og leia fortent 1-0 etter den fyrste omgangen.

Sogndal pressa Brann hardt på dødballar og skapte fleire farlege situasjonar føre brannkeeper Jørgen Mohus.

Sterk Karadas

Eit varsel på kva som var i vente, fekk publikum etter ti minuttar då Ulrik Flo sendte av garde eit skot, som brannstoppar Jonas Grønner fekk blokkert til corner.

På det påfølgjande hjørnesparket plasserte Azar Karadas ballen i mål, men dommaren fekk med seg at ballen hadde vore innom handa til Gustav Valsvik. Målet blei annullert, og Valsvik fekk gult kort.

Eit kvarter seinare blir Brann straffa for å ha gitt Sogndal mange dødballar. Karadas er høgst og sterkast på eit presist hjørnespark frå Ruben Holsæter og stangar inn 1-0.

Sterk fyrste omgang

Presset mot Brann held fram utover i omgangen.

Etter 32 minuttar skal Karadas nok ein gong spela ei sentral rolle i ein stor målsjanse for Sogndal: Eit himmelhøgt frispark dett ned eit par meter forbi bakre stople på Brann-målet.

Der er Karadas og headar til tilbake mot mål, der Ulrik Flo styrer ballen like utanfor stolpen.

Etter 40 minuttar kjem endå eit frampeik, når Malick Mane prøver skotfoten. Høgrevingen skrur over muren mot næraste kryss. Mohus må strekkja seg så lang han er og boksar ballen til corner.

Frisparkperle

Den andre omgangen startar like oppløftande som den fyrste, sett med Sogndal-augo.

Etter 49 minuttar får Sogndal frispark utanfor Brann sin sekstenmeter.

Malick Mane fyrer igjen, ballen skrur over muren og rett i nettet. 2-0 til Sogndal, og dei 4000 på Fosshaugane fyk til himmels.

Fem minuttar seinare går det frå vondt til verre for Brann. Jonas Grønner får sitt andre gule kort etter ein takling av Karadas.

Brann inn i kampen

Etter utvisinga av Brann-stopparen endrar kampen karakter. Med ti mann kjempar bergenslaget seg inn i kampen, og etter 58 minuttar kjem Brann på ein farleg kontring. Erik Huseklepp gir vidare til Martin Pusic inne i boksen som skyt rett på Dahlin.

Mane igjen

Mot slutten av kampen greier Sogndal igjen å kjempa seg inn i kampen, og etter 84 minuttar sender Karadas av garde eit tungt skot rett på Mohus, som brannkeeperen klarerer.

Men eitt minutt seinare blir oppglødde sogndalsupporterar endå meir øsne når Mane stig til himmels og stangar inn 3-0.

Amin Askar si redusering til 3-1 etter 90 minuttar er ikkje nok til å torpedera Sogndal sin sterke heimestatistikk mot Brann: Åtte sigrar på dei siste ni kampane på Fosshaugane.