Hopp til innhold

Sogndal gjekk på nok eit tap

Frustrert Aabrekk etter tap mot botnlaget Tromsdalen.

Espen Olsen

TAP: Espen Olsen og Sogndal gjekk på nok eit tap i helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det blei ein duellkamp der vi ikkje greidde å setje vårt eige spel. Og i duellane var Tromsdalen gode tykkjer eg.

Nede frå tabelltopp

Sogndal toppa tabellen føre denne kampen, men er no passert av Fredrikstad. Dermed held den dårlege trenden fram for klubben som også er ute av NM etter tap mot Follo, og som tapte i forrige runde mot Sarpsborg.

Dette er ein kamp som Sogndal som opprykkskandidat skal vinne, vedgår Aabrekk.

- I den posisjonen vi er i no så må vi vise at vi har eit betre spel der vi kan prege kampane. Det var vi flinke til i vår, også i dei to føregåande tapa produserte vi sjansar. Men i dag var det nærmast ingenting.

Framover har Sogndal fleire tøffe bortekampar i vente.

- Det ser eg, det blir heilt klart tøffe kampar. Men Tromsdalen borte er også ein tøff kamp, det har mange lag fått merke.

Følg kampen minutt for minutt

Kan bli tatt igjen av Ranheim

Overraskingslaget Ranheim tok på si side nye tre poeng mot Alta. Med ein kamp mindre spelt kan dei ha snart ha like mange poeng som Sogndal og det som såg ut som eit lovande tabellforsprang kan snart vere borte.

Tromsdalen skapte flest sjansar

Trass tabellskilnaden var det Tromsdalen som skapte flest sjansar i kampen. I det 86. minutt fekk dei utteljing då Bjørn Strøm sette ballen i mål etter eit innlegg inn i feltet. .

Neste kamp for Sogndal er heime mot Bryne på Fosshaugane onsdag.