Strømsgodset blei for sterke - Sogndal tapte på bortebane

(STRØMSGODSET – SOGNDAL 3-1): Heimelaget blei for sterke og Sogndal må reise heim utan poeng.

Strømsgodset - Sogndal

FOR STERKE: Serieleiaren Strømsgodset stakk av med sigeren då Sogndal besøkte Marienlyst stadion.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Det tok berre tre minutt før det første målet kom på Marienlyst stadion.

Bismarck Adjei Boateng klinte ballen i mål og dermed fekk Strømsgodset ein draumestart. Sogndal var kompakte i forsvar og det blei langt mellom sjansane trass i at Godset hadde overtak. Laga gjekk til pause med 1-0.

– Tapte for eit betre lag

Ti minutt ut i andre omgang stod det 2–0 då Stefan Johansen skåra for heimelaget. Sogndal sitt eine mål kom i det 30. minuttet då Malick Mane putta ballen i mål. Då blei det eit snev av spenning i kampen. Men den varte berre eit minutt, for like etter skåra Boateng igjen for Godset. 3-1 blei også sluttresultatet.

Trass tapet i kveld var ikkje Sogndal-trenar Jonas Olsson heilt misnøgd etter kampen.

– Eg kan ikkje forlange meir av spelarane, eg er stolt av dei. Vi jobba hardt i 90 minutt og hadde moglegheit for redusering. Men i dag tapte vi for eit betre lag, seier Olsson til NRK.no.

Ungt lag

Sogndal stilte med eit ungt lag på bana i dag. Olsson er godt nøgd med unggutane sine.

– Dei hadde ikkje så mange eliteseriekampar utpå der, nei, seier han.

Laget som starta: Erik Dahlin - Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Taijo Teniste - Malick Mane, Sidy Sagna, Espen Næss Lund, Ruben Holsæter - Ulrik Flo, Azar Karadas

Benken: Leif Lysne, Anders Hella, Magnus Stamnestrø, Eirik Skaasheim, Kristoffer Nesse Stephensen, Stian Dyngeland, Ricardo Santos.