Hopp til innhold

Sogndal taper fem mill. på nedrykk

Sogndal taper fem millionar kroner dersom dei rykkjer ned. Det er langt mindre enn dei andre nedrykkskandidatane.

Fulle tribuner på Fosshaugane

TAPE: Kor fulle tribunane blir om Sogndal rykkjer ned er det ingen som veit. Det som er klart er at klubben vil få om lag fem millionar mindre i omsetnad.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sarpsborg 08 er allereie klare for 1. divisjon, og Sogndal, Start og Fredrikstad kjempar no får unngå å bli med på turen ned frå eliteserien.

Sogndal tek trusselen om mogleg nedrykk med fatning, ifølgje Finansavisen vil dei nemleg oppleve at omsetnaden går ned med berre fem millionar – om det skulle skje.

– Denne typen problemstillingar er vi vande med å leve med. I Sogndal må vi ha eit realistisk sjølvbilete og kunne leve med både nedrykk og ikkje å rykkje opp, seier klubbdirektør Egil Mundal til avisa.

Start og Fredrikstad som saman med Sogndal kjempar for å halde plassen vil derimot tape langt meir om dei må ned i 1. divisjon.

Direktør Sveinung Hovstad seier til Finansavisen at Start vil miste om lag 20 millionar kroner i inntekter dersom dei ikkje får vere i det gjævaste selskapet i fotball-Norge. For Fredrikstad vil eit eventuelt nedrykk bety mellom 10–15 millionar i inntektsreduksjonar.

Mundal i Sogndal seier dei tre generalsponsorane til klubben er med vidare uansett og at det er dette som gir klubben stabilitet.

Kven som rykkjer ned saman med Sarpsborg 08 kan avgjerast allereie laurdag kveld då Fredrikstad og Start møtest. Dersom Start taper kampen, er Sogndal sikra ein sesong til i tippeligaen.