Hopp til innhold

Tek på seg skulda: – Ufokusert eit halvt sekund

Sogndal mista eit viktig poeng heilt på tampen av kampen mot Strømsgodset.

Mathias Dyngeland

SKUFFA: Sogndal-keeper Mathias Dyngeland var skuffa etter tapet for Strømsgodset. Han tek på seg skulda for det avgjerande målet.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Eirik Ulland Andersen

JUBEL: Eirik Ulland Andersen feirar scoringa mot Sogndal.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Etter 89 minutt kom den einaste scoringa i kampen mellom Sogndal og Strømsgodset, då Eirik Ulland Andersen slo eit hjørnespark rett i mål.

– Eg tell opp i feltet før corneren og ser at det er to stykk som er ledige. Difor fokuserer eg eigentleg ganske mykje på det. Når eg er ferdig, snur eg blikket, og då kjem innlegget litt overraskande på, forklarar Sogndal-keeper Mathias Lønne Dyngeland (21) om den avgjerande augneblinken.

Den unge keeperen tek på seg skylda for at det blei null og ikkje eit poeng mot Godset.

– Eg var ufokusert eit halvt sekund og blir tatt på det. Det er seigt å bli tatt på noko so lite når alle gutane legg ned ein so stor innsats, seier han.

– Mathias har vore fantastisk

– Det er veldig surt. Det var ein stillingskrig heile kampen, og vi var det beste laget i andre omgang. Vi fekk pressa dei bakover på bana, og eg tykkjer det er ufortent at dei vinn, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke etter tapet for Strømsgodset.

Sogndal hadde fleire store sjansar i kampen, blant anna to skot som trefte stonga, men makta ikkje å ta leiinga. Bakke vil ikkje gje keeperen all skuld for tapet.

– Eg har ikkje sett situasjonen, men Mathias har vore fantastisk i heile år. Viss det er Mathias sin feil, so tek han ansvaret, men vi kunne avgjort det sjølv også., seier han.

Omdiskutert straffesituasjon

Sogndal - Strømsgodset

DUELL: Begge laga hadde fleire sjansar, men det var Strømsgodset som stakk av med sigeren.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Korkje Sogndal eller Strømsgodset makta å score mål i den første omgangen på Fosshaugane.

Begge laga hadde nokre småmoglegheiter til å ta leiinga, og for Sogndal var laget sin toppscorar Ole Amund Sveen nær ved eit par anledningar. Angrepsspelaren klarte derimot ikkje å overliste Espen Bugge Pettersen i Godset-målet.

For gjestane var Petter Vaagan Moen nærast å finne nettmaskene, men eit hardt skot frå distanse sneik seg like utanfor stolpane til Mathias Lønne Dyngeland.

Etter 21 minutt oppstod det ein situasjon kor det moglegvis kunne blitt blåst straffespark til Strømsgodset. Kristoffer Tokstad gjekk i bakken etter at det oppstod kroppskontakt med Sogndal sin keeper, men dommaren valde å ikkje blåse.

To skot i treverket

Den kanskje største sjansen i kampen stod Jukka Matias Raitala for etter 58 minutt. Den finske forsvarsspelaren fekk gå uforstyrra mot Strømsgodset sin 16-meter og banka til frå rundt 20 meter. Ballen small via tverrliggar og ned i bakken før bortelaget fekk klarert.

20 minutt seinare small det i treverket igjen. Denne gongen var det kantspelar Gilbert Koomson som var nære å gje heimelaget leiinga. Ghanesaren sitt frispark gjekk over muren, i stonga og ut over linja.

Sogndal hadde kanskje dei største sjansane, men det var Eirik Ulland Andersen sitt mål som blei tellande i denne kampen.

Neste kamp for Sogndal er borte mot Odd i Skien 30. oktober. Siste serierunde er på Fosshaugane mot Aalesunds Fotballklubb 6. november.