Både Marco Reda og Børre Steenslid vart utviste i ein amper seriepremiere på Pors stadion.
Rune Bolseth sende Sogndal i føringa i det 28. minutt. Målet kom etter ein innøvd cornervariant. Bolseth fekk ballen på 20 meter og dunka den knallhardt i mål.
Raudt kort til Reda
Men fem minutt før kvilen fekk Marco Reda direkte raudt kort etter å ha vist fingeren til linjemannen.
- Eg oppfatta situasjonen slik at Reda vil ha offside. Han tek kontakt, men eg meiner det ikkje er offside. Då viser han fingeren til meg like etter, seier assistentdommar Kim Thomas Haglund.
Sognaltrenar Stig Nord har ein litt annan vinkling på hendinga.
- Maco Reda slengjer ei oppgitt hand i veret og det oppfattar linjemannen som at han viser fingeren, seier han.
Lite å stille opp med
20 minutt før slutt får midtstopparkollega Børre Steenslid sitt andre gule, og Sogndal er utan midtstopparar. Pors kontrollerte kampen og vann fortent. Sogndal hadde lite å stille opp med etter at dei fekk begge midtstopparane utvist.
- Svak dømming
Trenar Stig Nord meiner at dommarane sette for stort preg på kampen. Han meinar dommarkvartetten slett ikkje hadde nokon god dag på jobb. Kim Rune Hellesund vart frådømd straffe, og Børre Steenslid måtte i garderoben etter to gule, det første uforståeleg for trenardebutanten som meiner dømminga rett og slett var svak.
- Det var mykje rart av både dommarar og linjemenn, meiner han.
Dommar Ken Henry Johnsen merkar seg kritikken frå sogndaltrenaren.
- Eg har aldri gjort meg opp noko meining så kjapt etter kampen. Eg tek med meg dei inntrykka eg og dei andre dommarane har, og så må eg gå gjennom det før eg får eit inntrykk av kampen, seier han.
Utan Reda og Steenslid
Stig Nord som no må klare seg utane midtstopparane Reda og Steenslid i kampen mot Tromsdalen 2. påskedag.