Hopp til innhold

Det blir heitt når Sogndal-spelarane møter Viking i solsteiken – «viktig å score først»

Viking er laget Sogndal har slite med å ta poeng mot i ei årrekke. Med to spelarar ute ventar ein spennande kamp for spelarane denne varme julidagen.

Tom Mangersnes

KLARE FOR VARMEN: Assistenttrenar i Sogndal Fotball, Tom Mangersnes seier at spelarane skal vere klare for varmen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dei siste dagane har gradestokken vist høge tal. Det vil også spelarane i Sogndal og gjestane frå Stavanger merke i dag. Yr.no melder om 27 grader i Sogndal under kampen.

Assistenttrenar Tom Mangersnes trur dagens første mål vil ha mykje å seie for kampen.

– Mål pregar fotballkampar, og når du òg får dei forholda som vi gjer i dag med denne varmen, så vil det ha veldig mykje å seie å score først. Så det er noko vi aktar å gjere, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

Trent i solsteiken

Han trur ikkje dei kan gjere så mykje for å førebus seg til kampen anna enn at dei har trent på campus i varmen heile denne veka.

– Vi har trent i solsteiken og jobba med å ta til oss veske. Driftsavdelinga i Sogndal Fotball har forsøkt ulike måtar å klare å halde bana blaut i den ekstreme varmen, seier han.

Mangersnes seier at det er umogleg uansett kor ein er i verda å vatne ei bana før kampstart og så halde på fukt i 45 minutt før ein får lov til å vatne igjen, men trur det skal gå bra.

Utan Flo og Valgarðsson

Både Hjörtur Valgarðsson og Ulrik Flo er ikkje med til dagens kamp mot Viking, men Mangersnes seier dei er glad for å ha fått Eirik Skaasheim tilbake i 100 prosent.

– Sjølv om Skaasheim er på plass att er det usikkert om han er med til start i dag. Han har spelt mange gode kampar dei siste åra for Sogndal som høgrebekk, så ein skal ikkje så vekk ifrå at han startar, seier Mangersnes.

– Det er no ein del av det å ha ein lang sesong. Ein må tole å ha ein større tropp for at du skal kunne bruke troppen, så det må vi løyse.

I ettermiddag spelar dei mot laget dei aldri har teke poeng mot i ein bortekamp. I fjor tok Sogndal sin første siger heime mot Viking på 19 år.

Vil ta poeng etter to tap

Etter ein serie med mange kampar utan poengtap så tapte Sogndal 4–1 mot Viking i cupen. Deretter vart det eit 0–3 tap mot Molde.

Mangersnes har likevel tru på at Sogndal skal klare å snu denne trenden.

– Vi hadde ein periode med mange gode kampar før VM-pausen, og startar opp etter den med å tape for Viking og Molde, og det er vel ein gong slik at vi må ikkje bli for ovanpå og tru at Sogndal plutseleg no er noko anna enn Sogndal, seier han

Han trur kampen mot Viking for to veker sidan fort kunne ha snudd i andre omgang etter at reduseringa kom, men at dei ikkje fekk utteljing då dei sende mange spelarar i angrep. Også Molde-kampen meiner Mangersnes at dei tapte fortent.

– Men det er ingen grunn til at vi skal tru at denne sesongen plutseleg har snudd i forhold til korleis det såg ut før ferien, seier han.