Hopp til innhold

Har signert midtbanespelar og spiss

Sogndal Fotball har i dag signert midtbanespelar Petter Strand (20) og spissen Kristian Fardal Opseth (24).

Jonas Olsson

PRESSEKONFERANSE: Sogndal Fotball og Jonas Olsson (i midten) presenterte i dag to nye spelarar i Sogndal-stallen framfor seriestarten i Eliteserien.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det vart klart under ein pressekonferanse på Fosshaugane tysdag. Fardal Opseth kjem frå Førde, medan Strand kjem frå Tertnes.

Begge spelarane har signert kontraktar som gjer dei til Sogndal-spelarar ut 2015.

– Det er ein draum som går i oppfylling. Det er Tippeligaen og det er heimbygda. Eg hadde ein far som spelte her og har sidan eg var liten blitt teken med på Sogndal-kamp, strålar 24-åringen Fardal Opseth.

– No jobben byrjar

Kristian Fardal Opseth

POKAL: Kristian Fardal Opseth sikra Sogndal sitt første trofé sidan 1993 då han scora finalens einaste mål mot Brann på La Manga Cup.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Som Førde-spelar noterte 24-åringen seg for 16 seriemål for Førde i 2. divisjon. Noko som gjorde at klubben der far hans, Lasse Opseth, vart legende, ynskte å sjå nærare på han.

I førre deltok han på La Manga Cup for dei svartkvite, og Fardal Opseth avgjorde like godt finalen mot Brann.

– Eg takkar utruleg mykje for denne sjansen og for utfordringa eg får her. Men det er no jobben byrjar, seier han og meiner seg klar for å ta opp kampen med Mahatma Otoo, Ulrik Flo og Malick Mane om ein plass på topp for Sogndal.

– Vist seg fram positivt

– Det er rutinerte og gode spelarar, men eg har tru på at eg skal klare det. Elles hadde eg ikkje kome her, legg Fardal Opseth til.

Sportsleg leiar Håvard Flo sa i helga til NRK.no at 24-åringen passer godt inn i formasjonen trenar Jonas Olsson no prøvar ut. Flo er nøgd med signeringane.

– Det er to gutar som har vore med oss ei stund, og som har vist seg fram på ein fin måte. Det har gjort at vi har gått til det valet å signere desse to, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Sogndal Fotball sine nettsider.

Midtbane-terrier

Strand kom i haust til Sogndal for å studere, og trena eit tid med Sogndal 2. Han var i fjor utleigd til 2. divisjonsklubben Fyllingsdalen og kom til Sogndal i fjor haust for å starte studiar.

Flo skildrar han som ein skikkeleg midtbane-terrier. Sjølv er 20-åringen godt nøgd med å få sjansen.

Mahatma Otoo, Petter Strand og Rune Holsæter

SCORA: Mahatma Otoo (t.v.) blir tiljubla av Ruben Holsæter og Petter Strand (i midten).

Foto: Christian Blom

– Eg flytta opp for å byrje på skule, men planen var å vere med Sogndal og få ein kontrakt der, seier Strand og legg til at han har høyrt mykje positivt om Sogndal.

Frå sin sentrale midtbaneposisjon ynskjer han å medverke til at Sogndal går på ein historisk femte strake sesong i eliteserien.

– Eg spring mykje og arbeider hardt. Eg føler eg har god teknikk og kan medverke offensivt med godt overblikk og riktige val framover på bana, seier han.