– Mitt inntrykk er at dette er eit forslag som er meint for å gjere alle fornøgde, og at det er eit ledd i valkampen, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.
– Så du er ikkje nøgd med avgjerda?
– Nei. Her burde dei følgt dei faglege vurderingane frå Statens vegvesen og gått «all in» for Hemsedal, men dette er nok mest meint får å gjera Hordaland fornøgd, seier Kvalen.
Saman med ordførarkollegane i Sogndal, Jarle Aarvoll, og Vik, Olav Turvoll, var han ikkje heilt nøgd med at ingen av vegalternativa fekk prioritet.
– Ingen har fått akkurat det dei håpa på, men vi skal gleda oss for at det vert gitt signal om utbetring av alle, seier Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll.
Det var venta at Regjeringa og samarbeidspartia skulle legg fram om riksveg 52 Hemsedalsfjellet eller riksveg 7 Hardangervidda skulle bli hovudveg nummer to mellom aust-vest.
Dei valde å satse på begge to, pluss eit tredje alternativ.
I korte trekk vert Hardangervidda satsa på for persontrafikk, medan Hemsedalsfjellet skal vera for næringstrafikk.
- Riksveg 7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegsamband for persontrafikk, med stor vekt på dei mogelegheitene som finst for turisme, og med omsyn til villreinproblematikken.
- Riksveg 52 Hemsedal skal vere hovudvegsamband for næringstransport. Her skal det leggast vekt på å få trafikken bort frå sentrum og få opp fart og vinterregularitet.
- E16 er vintersikker, men er den som har lengst køyreavstand Oslo-Bergen. Vegen skal fullførast og vil vere ein viktig avlastningsveg når andre fjellovergangar er stengt, i tillegg til å betene dei områda som den betener i dag.
Tidlegare har det blitt bestemt at E134 Haukeli skal vera hovudvegen.
- BAKGRUNN:
- Les også:
Saka fortsett under bilde.
ALLE GODE TING ER TRE: Regjeringa og samarbeidspartia har bestemt seg for at både riksveg 52 Hemsedalsfjellet og riksveg 7 Hardangervidda skal satsast på som hovudveg mellom aust og vest. I tillegg vert europaveg 16 over Filefjell oppgradert.
Foto: NRK/GoogleGjekk i mot vegvesenet
I to omgangar har Statens vegvesen lagt fram at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet har vore det beste alternativet.
– Eg trur ikkje eg har sett regjeringa gå i mot tilrådingane frå fagetatane på denne måte før. Dei har fått ei fagleg vurdering to gonger og begge har vist at riksveg 52 har vore det beste alternativet, men vel å gå delvis i mot det, seier Aarvoll.
Han skulle sett at det var prioritert hardare.
– I politikken må ein prioritere. Her seier dei ja til litt av alt og då er faren at ingenting vert gjort skikkeleg, seier Aarvoll.
Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.
Foto: Siv Sandvik / NRKStortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, meiner Sogn og Fjordane kan leve godt med avgjerda som vart lagt fram.
– I utgangspunktet skulle eg ønska at ein var tydelegare på at riksveg 52 skal prioriterast som hovudsamband. No får vi i staden ei funksjonsdeling, men den tenkjer eg vi bør kunne leve greitt med her i fylket, seier han.
Ingen kostnadsramme
I pressemeldinga frå samarbeidspartia står det ingenting om når oppstart av utbetringane vil skje. Det står heller ingenting om kor mykje det heile kjem til å koste.
– I den kommande NTP vil det bli lagt inn pengar til strekningsvise utbetringar på alle strekningane. Dette er tiltak som kan komme raskt i gang. Det vil bli kalla «samordningsstrekninger» – der Statens vegvesen får mogelegheit til å bruke mindre beløp for å utbetre kritiske flaskehalsar utan at det blir definert som store, enkeltståande prosjekt, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.
– Det er eit pluss at tungtransport vert prioritert over Hemsedal. Då må standarden vera deretter, men dei burde vald ein, seier ordførar i Vik, Olav Turvoll.
Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK