Håvard Flo sette inn det einaste målet i kampen. Dette var det første seriemålet hans sidan 24. mai og det andre totalt denne sesongen. - Det var fint å skåre, og det burde ha blitt eit par til. No får eg håpe at det blir fleire mål i dei siste kampane denne sesongen, seier Flo.
Sogndal brende og eit straffespark, og Alta fekk ein spelar utvist. Likevel hadde Sogndal nok med å forsvare seg mot slutten av kampen.
Ynskjer trenar med autoritet
Laurdag vart det kjent at Trond Fylling trekkjer seg som trenar når sesongen er over. No ynskjer Håvard Flo seg ein trenar med stor autoritet, ein som verkeleg set skåpet på plass.