Hopp til innhold

Brann i fyr og flamme etter at dei feia over sjokkskadde gjester

Nokre minutt ut i andre omgang starta marerittet for Sogndal. På berre vel ti minutt putta Brann ballen i nettet ikkje mindre enn fire gonger.

Brann feirer mål mot Sogndal

MÅLFEST: Brann diska opp med ein skikkeleg målfest for heimepublikumet då dei knuste Sogndal 5-0.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Gjestane frå saftbygda sette alt inn frå start og noterte seg med fleire sjansar i løpet av første omgang.

Men mot slutten av dei første 45 er det vertane som viser gode takter. Det er starten på det som skal bli eit mareritt for Jonas Olsson & Co. Brann har ikkje tapt ein 16. mai-kamp på ni sesongar og 2012 vart intet unntak.

Fire mål på knappe ti minutt

For når Brann kjem på bana etter nokre minutt i garderoben er det ingenting som kan stogge dei. I det 52. minutt er det Chukwuma Akabueze Bentley som gir raudtrøyene god grunn til å juble. For Sogndal sin del går det meste gale dei neste minuttane.

Knappe fem minutt seinare er det Erik Mjelde som plukkar opp returen frå Sogndal-keeper Kenneth Udjus. Kim Ojo som legg opp til det heile med å klinke ballen så hardt mot mål at Udjus må gje retur vil ikkje vere dårlegare og berre nokre minutt seinare er det han som får fullklaff.

På åtte minutt har Brann skåra tre mål og stadion er mildt sagt i fyr og flamme. Og det blir endå betre, eller verre, alt etter kva lag ein held med. For Brann er ikkje ferdig med målfesten og i det 63. minutt skriver ein fjerde Brann-spelar seg på skåringslista.

Bentley som starta målshowet kranglar til deg ballen ved dødlinja og speler inn til Mjelde i boksen. Der står Kristoffer Barmen klar og stuper inn 4-0 leiinga til heimelaget. Heimepublikumet er i ekstase, medan Sogndal-spelarane ser ut til at dei nesten ikkje heilt veit fram eller bak.

Sjokkskada Sogndal

Minutt seinare klarar Udjus å hindre Brann i å plusse på til 5-0 leiing, men gjestane verkar nesten sjokkskadde etter dei heilsprø minuttane der vondt gjekk til verre for Sogndal.

Trenar Jonas Olsson gjer tre bytte og sender inn friske bein i form av Aye Elvis, Eirik Bakke og Ruben Holsæter, men det er ingen som kan gjere noko med den overlegne leiinga til heimelaget.

Ikkje før Amin Askar faktisk har plussa på til 5-0 eit minutt på overtid seier Brann seg nøgde med resultatet. Askar klinkar til frå kanten av 16-meteren og ballen går så vidt i mål ved første stolpe.

Eit resultat som svir for Sogndal, medan Brann-spelarane kan smile så breitt dei berre vil når dei går i 17. mai-tog i morgon.