Hopp til innhold

Målrik kamp enda 4-3 til Sogndal

Det vart ein målrik kamp i Vestlandsmeisterskapen mellom Sandnes Ulf og Sogndal, men Sogndal trakk det lengste strået og vann kampen 4–3.

Tore André Flo

MÅLSCORAR: Tore André Flo sørga for mål nummer to til Sogndal i kampen mot Sandnes Ulf som enda 4-3 til Sogndal.

Foto: Rune Sjøberg

Heile sju mål vart det før dommaren bles av den siste kampen til Sogndal under Vestlandsmeisterskapen i dag. Kampen enda 4–3 til Sogndal og assistenttrenar Håvard Flo er svært godt nøgd med spelarane sine etter kampen i dag.

– Vi kom bra i gang og tok kampen ifrå start. Vi hadde ein veldig fin «drive» i laget i dag. Alle var topp engasjerte og det var ein fryd å sjå på, seier Flo.

Målrik kamp

Det tok ikkje meir enn 14 minutt før Sogndal fekk plassert ballen i nettmaskane bak keeperen til Sandnes Ulf og Stian Dyngeland som stod for det fryste målet gjorde det med stil. Frå 25 meters hald sendte han ei perle av eit skot i motsett kryss.

– Det var klasse over det målet og måten han gjorde det på. Det står det respekt av, seier Flo.

Veteranen scora

Berre minuttet etterpå var det på nytt klart for eit mål til Sogndal. Denne gongen var det veteranen Tore André Flo som etter å ha fått ballen servert av Leif Lysne sette den opp i nettaket på målet til Sandnes Ulf.

Sogndal held presset oppe og belønninga kom nok ein gong i det 19 minutt då Gustav Valsvik heada ballen i mål etter ei flott pasning frå Thomas Ness.

Det var fyrst i andre omgang i det 53 minutt av Sandnes Ulf skulle få sitt fyrste mål med Fredrik Torsteinsbø, men Sogndal var raskt tilbake og sju minutt etterpå scorar Stian Dyngeland sitt andre mål og sendte med det Sogndal opp i 4–1 leiing.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gustav Valsvik

MÅLRETTA: Gustav Valsvik sørga for 3-0 målet til Sogndal.

Foto: Rune Sjøberg

Straffespark

Deretter kom to mål på rappen for Sandnes Ulf. Eit i det 62 minutt og eit på straffe etter ein hands av Gustav Valsvik.

Sjølv om Sandnes Ulf henta innpå førspranget til Sogndal så vart det til slutt Sogndal som vann 4–3 i den målrike kampen.

– Ja, vi scora mange fine mål, men vi slepte jo også inn ein del mål og det må vi prøve å forandre på framover, seier Flo.

Gode prestasjonar av fleire spelarar

Hannu Patronen fekk prøve seg på bana i dag og Flo er svært nøgd med prestasjonen til finnen.

– Hannu har overbevist i dag og han hadde ein ok kamp på fredag så han er definitivt interessant, seier Flo.

Assistenttrenaren vil også trekkje fram Tore André Flo og Stian Dyngeland etter kampen i dag.

– Det var mange flotte prestasjonar i dag, men eg trur eg vil rose Stian Dyngeland som scora to mål i dag og jobba utretteleg saman med blant andre Tore André Flo, seier Flo.

Sogndal enda etter sigeren i dag på ein tredjeplass samanlagt i Vestlandsmeisterskapen.