Hopp til innhold

Sogndal leiar 0-2 til pause

Sogndal har synt seg å vere dei sterkaste i møte med Florø i første runde i cupen. Til pause leiar laget frå Sogn med to mål. Laga har møtt kvarandre ei rekkje gonger i NM-cupen. I 2012 vann Florø 3-0, med ein rekkje juniorspelarar på laget. Den gongen var dagens Sogndal-trenar Tore Andre Flo på laget, så han har nok ikkje særleg gode minnner når han er tilbake i gjestene sin garderobe i dag. I 2017 vart det på ny ei cupbombe då Florø vann 2-1. I 2021 var det duka for cuprevansje, då Sogndal vann 5-1.