Hopp til innhold

Denne kommunen stenger kranene ved midnatt på vekedagane

Sogndal stenger alle tappekranene når klokka bikkar tolv om kvelden frå søndag til torsdag. Næringa fortvilar, og NHO-topp har aldri høyrt om strengare reglar.

Astrid Johanne Eskeland, dagleg leiar på Studenthuset Meieriet i Sogndal

Astrid Johanne Eskeland er dagleg leiar på Studenthuset Meieriet i Sogndal. Ho har jobba på huset i ni år, og har sett ei tydeleg endring etter dei nye skjenketidene vart sett i verk i 2021.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er ikkje supernøgd med desse skjenketidene, seier Astrid Johanne Eskeland, dagleg leiar på Studenthuset Meieriet i Sogndal.

Ho har sett ei endring i studentanes festvanar på den populære studie- og toppturskistaden.

Sidan 2021 har nemleg alle ølkraner i kommunen måtte stenga når klokka passerer midnatt frå søndag til torsdag.

Kommunen fryktar konsekvensane av for høgt alkoholforbruk.

– Teorien med å stenga klokka tolv for å ta vare på folkehelsa, og at folk skal gå heim tidleg, er kjempepositivt. Men eg trur ikkje det er det som er utfallet av å stenga tidlegare, seier Eskeland.

– Eg trur det heller har ført til meir heimefest og meir drikking under mindre kontrollerte former.

Sogn Avis har skrive om temaet i fleire saker dei siste månadane.

Næringa fortvilar

Dei vanlege skjenkereglane i Noreg er at øl og vin kan skjenkast til klokka 01 alle dagar. Drikkevarer sterkare enn 22 prosent stenger ein time tidlegare.

Kommunane står likevel fritt til å justera skjenketidene sjølve innanfor makstida, som er klokka 03.

I Sogndal har dei altså gått motsett veg – nemleg å stramma inn tidene i vekedagane. Fredagar og laurdagar er reglane i kommunen klokka 02 for øl og vin, og klokka 01 for sprit.

– Ei total hjelpelaus løysing, meiner Atle Lægreid.

Han er hotellsjef på Lægreid Hotell i Sogndal. Saman med andre hotellsjefar i kommunen er han fortvila over dei strenge skjenkereglane.

Atle Lægreid, hotellsjef på Lægreid Hotell i Sogndal

Atle Lægreid er hotelldirektør på Lægreid Hotell i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Reiselivsnæringa meiner dei mistar gjester og arrangement fordi kranene må stengast ved midnatt.

– Folk som vel å legga konferansar og julebord til større hotell, vel då automatisk andre alternativ. Me mistar masse aktivitet i kommunen. Det er eit stort konkurransefortrinn til dei som kan skjenka lenger, seier Lægreid.

NHO: – Dette må vera det strengaste i Noreg

– Eg har aldri høyrt om strengare reglar i Noreg, seier Ole Michael Bjørndal i NHO Reiseliv.

Ole Michael Bjørndal, fagdirektør for næringspolitikk i NHO Reiseliv.

Ole Michael Bjørndal er fagdirektør for næringspolitikk i NHO Reiseliv.

Foto: Per Sollerman

Skjenketidene kan vera avgjerande for om folk legg arrangementa sine til hotellet eller ikkje, fortel han.

– Skjenking etter klokka tolv er etterspurt for dei som skal ha konferansar og arrangement. Om hotella ikkje kan tilby det, så er det ei konkurranseulempe, seier Bjørndal.

Ordføraren: – Ei totalvurdering

Reglane vart bestemt sommaren 2021.

– Her har det blitt argumentert med dei konsekvensane høg bruk av alkohol gir. Totalvurderinga var at dette var dei rette tidspunkta, seier ordførar Arnstein Menes (Sp).

Næringa skal no samla seg om eit nytt innspel om saka, som skal behandlast på nytt til våren av politikarane i kommunen.

– Me skal sjølvsagt lytta til næringa, og me skal ta ei vurdering om me eventuelt kan utvida noko. Men det er ulike omsyn å ta, og det er gjort ei heilskapsvurdering av politikarane i denne saka, seier Menes.

Arnstein Menes, ordførar Sogndal

Ordførar Arnstein Menes i Sogndal fortel at det er mange omsyn som spelar inn når skjenketider skal bestemmast.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Alkovettorganisasjonen Av-og- til synest det er positivt at folkehelse blir vektlagt når kommunar behandlar skjenkespørsmål.

– Det er ikkje uvanleg at kommunar opplever motstand når skjenketider blir avgrensa, seier Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til.

Ho presiserer at ho ikkje kjenner dei konkrete vurderingane som er gjort i Sogndal kommune, og at ho uttalar seg generelt.

– Alkohol aukar heilt klart risikoen for sjukdom og skade i befolkninga, og kostar samfunnet som heilskap store summar.

– Å avgrensa sals- og skjenketider er viktige tiltak, i tillegg til kontrollar, dialog og opplæring av dei som serverer alkohol, seier Kaski.

– Studentane drikk heller heime

På Studenthuset Meieriet har dei merka ein klar forskjell frå før og etter dei nye skjenketidene vart gjeldande for litt over eit år sidan.

Før sat dei fleste gjestene att i lokalet fram til stengetid klokka 01 når dei arrangerte quiz. No går gjestene vidare lenge før klokka i det heile tatt nærmar seg midnatt og kranene stenger.

Astrid Johanne Eskeland

Astrid Johanne Eskeland, dagleg leiar på Studenthuset, saknar dei gamle skjenketidene.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me høyrer dei prata om nachspiel allereie rundt 22.30, og dei fleste er ute til 23. «Me skal dit på nachspiel. Bli med!», ropar dei på veg ut. Eg trur ikkje dei drikk mindre, men at dei har flytta seg til heimefestar og drikk der i staden for, seier Eskeland.