Hopp til innhold

Sogndal knuste Viking

Gilbert Koomson banka inn tre mål mot Viking, og Martin Ramsland sette inn 4–0.

Sogndalscoring mot Viking 13.05.17

JUBEL: Sånn jublar Sogndal etter å ha gått opp i 4-0 leiing mot Viking.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Dette har vore ein fantastisk dag. Eg er veldig glad for å ha gjort min første hat-trick i eliteserien, sa Gilbert Koomson til Eurosport player rett etter kampen.

Mange var og spente på om Kjetil Wæhler skulle starte kampen i dag. Det gjorde han og han gjorde seg ikkje vekk.

– Eg var litt usikker før start, men forma heldt godt den. Dette blei rett og slett ein perfekt start i Sogndal, sa 41-åringen Kjetil Wæhler som hadde sin debut for Sogndal i dag til Eurosport player.

Trenar, Eirik Bakke smiler frå øyre til øyre når han kjem inn i intervjusona etter kampen. Det er ikkje sjølve kampen han vil snakke om først:

– Det vart ein litt spesiell kamp for oss i dag. I går mista vi ein kollega som har jobba i klubben i 30 år. Denne sigeren var til ære for han, sa ein rørt sogndalstrenar til Eurosport player like etter kampslutt.

Så skryt han også litt av laget sitt.

– Det var mange som gjorde ein god jobb i dag. Wæhler var fantastisk. Han tok ansvar i forsvar og Gilbert gjorde sin beste kamp for oss, sa ein glad trenar.

Slik var kampen

Koomson fekk etter 37 sekund eit fint framspel som han tok med seg og fyrte av frå kanten av 16-meteren. Skotet gjekk inn i hjørnet til keeper Iven Austbø i Viking-målet.

Det første kvarteret har eit heiltent Sogndal hatt full kontroll. Berre ein gong har Viking kome på ein visitt som kunne bli farleg, men då var superveteran og debutant for Sogndal, Kjetil Wæhler (41) der med ein lang fot og sende ballen til corner.

Kjetil Wæhler la opp som fotballspelar sist haust. Laurdag kan han vere mannen som hindrar at tabelljumbo Viking passerer Sogndal.

Kjetil Wæhler

VETERANEN: Kjetil Wæhler med på corner for Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Viking har etter å ha blitt rundspelt det første kvarteret kome meir med i kampen, og fansen bak målet til Dyngeland ropte på straffe då Robin Shroot gjekk over ende i feltet. Eit frispark frå Steffen Ernemann skapte litt bry for Dyngeland.

Men etter 37 minutt viste Gilbert Koomson seg fram att. Denne gongen brukte han venstrefoten, men resultatet vart det same: Ballen susa inn i hjørnet bak Austbø. Og som ved 1-0: Framspelet kom frå keeper og kaptein Mathias Dyngeland.

Like etter tvinga han fram to hjørnespark. Ikkje tvil om kven som er dagens helt så langt.

Gilbert Koomson

2-0-MÅLET: Gilbert Koomson har lada venstrefoten, også den var effektiv.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Etter 11 minutt av andre omgang kom også den andre av dei to veteranhjelpesmennene til Sogndal på bana. Victor Grodås måtte ut med skade, inn kom Espen Næss Lund, som dermed fekk comeback for Sogndal.

3–0 på straffe, Koomson igjen

Etter 65 minutt vart Sogndal snytt for eit frispark på 16,2 meter. Austbø var utanfor streken og avverja eit framspel til Koomson. Men fire minutt seinare vart det straffespark, då Martin Ramsland vart felt. Koomson var sikker frå straffemerket og noterte seg for mål nummer tre for dagen.

Tre minutt før full tid fanga Martin Ramsland opp ein feilpasning frå Viking og sette inn 4–0.

I førre serierunde sleit Sogndal seg til eitt poeng i ein rein forsvarskamp borte mot Haugesund. Det poenget kosta: Bjørn Inge Utvik er ute med ankelbrot, medan Ulrik Fredriksen må sone karantene etter at han handsa og fekk raudt kort.

Det raude kortet betalte seg, i og med at Mathias Dyngeland redda straffesparket og sikra Sogndal eitt poeng.

Men mangelen på forsvarsspelarar gjorde at sportsleg leiar Håvard Flo og trenar Eirik Bakke måtte grave djupt for å finne folk som kunne hjelpe dei i knipa.

Det dei fann var 41 år gamle Kjetil Wæhler og 32 år gamle Espen Næss Lund, sistnemnde med ei fortid i Sogndal.

Wæhler frå start, Furebotn på benken

Her er lagoppstillinga:

Sogndal: Mathias Dyngeland, Taijo Teniste, Victor Grodås, Per-Magnus Steiring, Kjetil Wæhler, Chidiebere Nwakali, Gilbert Koomson, Lars Christian Kjemhus, Eirik Birkelund, Eirik Schulze, Martin Ramsland.

Viking: Iven Austbø, Michael Ledger, Karol Mets, Claes Kronberg, Kristoffer Haugen, Samuel Adegbenro, André Danielsen, Steffen Ernemann, Julian Ryerson, Robin Shroot, Kwesi Appiah.

Eirik Bakke har plassert kaptein Henrik Luggenes på innbytarbenken mot Viking. For publikum på Fosshaugane Campus blir det gjensyn med Robin Shroot, som var i Sogndal i 2015-sesongen.

Motstandaren laurdag, Viking, tapte heime mot Sandefjord, og figurerer på sisteplassen på tabellen, eitt poeng bak Sogndal.

Det er ein situasjon siddisane ikkje likar, så det er all grunn til å rekne med at Sogndal kjem til å møte eit Viking-lag som vil vise at dei ikkje høyrer heime på jumboplass.

Her kan du høyre sendinga til 4-4-2:

Laster innhold, vennligst vent..